«Strong is the new skinny» – same shit, new wrapping?

Eg har lagt merke til ein trend i Newsfeeden min på Facebook som eg ikkje heilt liker. Det er bilete av denne typen:

Og det slår aldri feil: det er alltid ei flott, halv-(eller heil-)naken kvinne med musklar, gjerne glinsande og sjeldent eller aldri identifisert med namn. Nokre gongar kan du ikkje ein gong sjå andletet hennar, ganske typisk på sider som Yeah, She Squats (der ein heilt anna kroppsdel er i fokus). Bodskapet er klårt: lyft vekter, jenter! Ikkje ver redde styrkerommet! «Strong is the new skinny!»

Styrkande, eller? Jo, få vil vel klage på at vi har fått eit kroppsideal som er sunt? Eg er ganske sikker på at «Strong is the new skinny» starta ut som ein måte å promotere eit sunt alternativ til idealet tynn, tynnare, tynnast. Men ein eller anna stad på vegen har vi enda opp med å nok ein gong diktere korleis kvinnekroppen bør og skal sjå ut. Kvinnekroppen er framleis eit objekt som kan målast, dømmast og bli erklært ikkje god nok.

Det viktigste er ikkje å ha ein sterk, sunn og funksjonell kropp. Det viktigste er at den ser bra ut, at den kan måle seg med dei glinsande kroppane i Newsfeeden, at rumpa er like spretten som jentene i «Yeah, She Squats» sine. I staden for å sjå på kroppen som eit verktøy for å utforske og mestre verda, er den eit utstillingsobjekt som resten av verda skal sjå på og nyte (eller ikkje).

Sjølvsagt trener mange kvinner styrke nettopp for å få ein sterkare og sunnare kropp. Men kvifor er det då naudsynt med alle desse objektifiserande, seksualiserte «motivasjonsbileta»? Og kvifor opplever eg at det stort sett er mannlege Facebookvenner som liker og deler desse bileta?

Og før nokon drar misunnelseskortet: sjølvsagt skulle eg ynskje eg hadde interesse, tid og viljestyrke til å trene så mykje som desse kvinnene på motivasjonsbileta gjer. Snart halvanna år i kontorjobb har ikkje gjort ryggen min i superstrøk akkurat. Og eg er akkurat like indoktrinert i kulturen vår for å objektifisere kvinnekroppen som alle andre og skulle gjerne sett så bra ut. Men eg er i det minste bevisst på at det er ytre påverknad som skaper desse tankane.

For det er ikkje berre provoserande bilete som dukkar opp i Newsfeeden min. For ei stund tilbake var det fleire som linka til denne videoen: Being A Sex Object Is Empowering. Oh, Wait. No It’s Not. Here’s Why. Denne anbefalar eg alle å sjå – og spesielt dei som syns eg overreagerar og svartmålar i dette innlegget.

Advertisements

Ein tanke på “«Strong is the new skinny» – same shit, new wrapping?

  1. Takk! Skjønar ikkje kva folk driv med der ute.. Er mange gode filmar på dette området og eg ser du allereie har linka til «killing us softly», det er jo faktisk heilt sjukt. Men eg trur det verste er at så få har tenkt over det eller reagerer, og då meiner eg blandt kvinner! Takk for at du sprer og engasjerer!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s