Nyttårssnacks

Godt nyttår!

I går var det fest heime hos oss, og sidan det tross alt var nyttårsafta, fann eg ut at eg skulle ordne litt meir avansert snacks enn chips og dip. Det vart ein suksess, så eg tenkte eg skulle dele oppskriftene med dere.

Snacks #1, spekeskinke og cherrytomat:

Denne var veldig enkel, berre å rulle spekeskinke, dandere dei på eit fat og legge nokre cherrytomatar på toppen.

Snacks #2, lakserull:

Denne oppskrifta står bakpå Vestlandslefse-pakken. Blautgjer lefsene så dei blir mjuke, smør naturell kremost på heile, og legg på røykelaks, hakka vårløk, salatblad og dill. Dillen skal helst vere fersk, men eg brukte tørka og det gjekk heilt fint.

Rull lefsa saman til ein fast rull. Det er litt same prinsippet som når ein lagar sushi. Så skal rullen skjærast opp i tynne bitar. Her gjelder det å ha ein god kniv, og å skjære forsiktig. Eg hadde litt problem med at lefsene sprakk opp, så det er viktig å blautgjere dei ordentleg.

Ta-da! Dei vart veldig gode, om eg kan få sei det sjølv.

Snacks #3, kanapé med scampi og avokado, med kvitlauk-og-chili-dip:

Dette er ein snacks-variant av denne (fantastisk gode) forretten. Lag dipen etter oppskrifta. Eg hadde i tre fedd kvitlauk, i staden for eitt, men det er fordi eg elskar kvitlauk. Ikkje ta meir chili enn henvist, det vert fort sterkt. Også her fungerar det fint med tørka dill, om ein ikkje har fersk.

Fyll ei steikeform med olje, og ha i litt finhakka kvitlauk og chili. Eg var litt forsiktig med mengden, fordi det er så mykje smak i dipen. Rør rundt, og ha i scampi. Eg brukte ferdigkokte, så dette var berre for å varme dei, og gi dei litt meir smak.

Skjær opp avokado i små terningar. Fjern halane frå scampien. Stikk ein tannpirkar gjennom ein avokadobit og ein scampi, og voilà!

Advertisements

2 tankar på “Nyttårssnacks

  1. NAM NAM NAM, dette så himmelsk ut ❤

    SV: Ja flere som har sagt det. Kanskje jeg må se den enda en gang da 😛 hehehe.
    Jeg likte den veldig godt i hvert fall, men vet ikke helt hva jeg synes om slutten? Var det bare en drøm at han møtte barna igjen?!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s