Prague, Praga, Prag, Praha

Hei sveis, eg og kjærasten har vore i Praha denne veka. Her er noko av det vi opplevde:

Det astronomiske uret. Kvar time har den eit lite «show» som involverar diverse figurar i og rundt klokka. Dette showet fekk vi av ulike årsaker (les: eg var ikkje heilt i form/lat den dagen vi skulle sjå det) ikkje sett. Klokka var fin, då!

Týnkyrkja, som ser ut som noko frå ein Disneyfilm. Her ser du eit typisk Praha-fenomen: midt mellom meir moderne bygg stig noko opp som har stått der i over eit halvt millennium .

Bybanen kan ta seg ein bolle; i Praha har dei rosa trikk. Ikkje har fotgjengarar vikeplikt for den heller. Eg stoppa for den likevel, av vane, og trur kanskje eg hissa på meg nokre bilistar.

Wallenstein-palasset, no heim til det tsjekkiske senatet. Vi besøkte det utan å vite heilt kva det var. Det er sånt som skjer når ein finn ein liten port i ein høg mur, og bestemmer seg for å gå igjennom.

Hurra! Servitrisa såg veldig rart på oss då vi sa vi skulle dele ein bananasplitt. Vi klarte faktisk ikkje å ete den opp.

Palladium (MW: 106,42 gram/mol), no også som kjøpesenter! Her hadde dei Body Shop, som i Tsjekkia er kjempebillig. Eg var i himmelen. Eg hamstra mascara, og fekk endeleg kjøpt meg den knallraude leppestiften eg har sikla etter i eit halvt år.

Det dansande huset, definitivt det stiligaste av dei moderne bygga. Dette kom vi også over utan å vite at det er ein av hovudattraksjonane i Praha.

Den gammelnye synagogen. Dette er den eldste synagogen i Europa som framleis er i bruk. Eg syntes den var ein fin variasjon frå dei tusen kyrkjene i byen. Josefov, det gamle jødiske kvarteret, var i mi meining den finaste delen av Praha. Nesten alle bygningane var vakkert utsmykka. Den gamle jødiske kyrkjegarden fekk vi berre sett gjennom ein glipe i muren, men den var utruleg fascinerande. Eg har aldri sett gravstøtter stå så tett-i-tett før.

Vi fulgte Gyldendals reiseguide slavisk, og traska Praha rundt. Det er veldig mykje fint å sjå der, og enda vi gjekk 17000 steg per dag i gjennomsnitt fekk vi ikkje med oss alt. Byen anbefalast verkeleg!

Advertisements

5 tankar på “Prague, Praga, Prag, Praha

  1. Åh, dette så flott ut! 😀
    Jeg vil også reise!

    SV: ja, jeg skjønner deg veldig godt 🙂 jeg gjør jo det egentlig selv.. så da måtte gå dypere inn i mine egne kildekoder for at det skal skje av seg selv når man trykker vanlig 🙂
    Så på min blogg får du nå linkene i nye tabs, UTEN å høyreklikke 🙂

  2. SV : hehe, neida, tok den ikke som sur – forstod frustrasjonen din 😉 hehe.. jeg har redigert det i php-filene mine, får jo full kontroll på alle filene som .org-wordpresser og eget domene… da bruker jeg target=»_blank» i link-koden. Da kommer det opp som ny tab. I gamle nettlesere blir det derimot et nytt vindu. Dette måtte jeg gjøre for kommentarene, men linkene i sidebaren har alltid kunnet bli åpnet i ny tab, fordi man kan sette det som innstilling når man lagrer en link. det står vel _blank som en valgmulighet litt lengre ned…

  3. Praha er herleg! Eg reiste dit med familien, men kan tenke meg det er ein by som er betre egna for par på kjærleikstur.

    Håpar forresten du kom det trygt heim att på onsdag, var fælt å sjå deg stå igjen på bybanestasjonen i høljande regn mens bybana rulla bort.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s