Karamellostekake

Ein av fordelane med å jobbe på eit kjøkken, slik eg har gjort i sommar, er at ein kan plukke opp nye oppskrifter. Denne kaka har eg laga to gongar no, og den er heilt fantastisk god. Derfor tenkte eg dele oppskrifta med dere!

Botn

  • ca ein halv pakke Digestive-kjeks
  • 50 gram smør

Knus kjeksen så godt du kan. Det beste er å bruke food-processor eller blender, men sidan vi ikkje har førstnemnde og blenderen min er elendig, knuste eg kjeksen for hand. Dette er det best å gjere med ein brødpose: ha kjeksen inni, og knus i veg!

Smøret skal smeltes, og så kjøles til romtemperatur. Bland smøret og den knuste kjeksen.

No tar du ei rund kakeform, kler den med bakepapir i botn (eller smører den godt), og presser kjeksmassen så flat som mogleg nedi. Eg tykkjer dette er lettast å gjere for hand, bruk knyttnevane!

Fyll

  • fire gelatinplater
  • 150 gram brunt sukker
  • ein boks Crème Fraiche
  • 200 gram kremost naturell (helst Philadelphia)
  • ei teskje vaniljesukker
  • ein boks vaniljekesam

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn. Rør forsiktig sukkeret og Crème Fraichen saman, til sukkeret er oppløyst.

For å unngå osteklumpar i fyllet (eg fekk det første gong eg laga kaka; det påverka ikkje smaken men såg ikkje spesielt fint ut), må kremosten rørast ut til den får litt meir flytande konsistens:

Ha så kremosten, vaniljesukkeret og vaniljekesamen oppi Crème Fraiche-blandingen.

Her har eg alt rørt i kremosten. Bland det godt, men ikkje ha miksmastaren på full styrke.

Så varmar du forsiktig den blautgjorte gelatinen. Dette kan gjerast i mikrobølgjeomn på låg styrke. Gelatinen skal bli heilt flytande. Tilsett så denne i ein tynn stråle (eg smelta den i desilitermålet), medan du rørar. Bland den godt inn, for å forhindre at den «trådar» seg. Gelatinen skal halde kakefyllet saman, så den må vere jamnt fordelt.

Til slutt heller du fyllet over kjeksbotnen. La kaka stå i kjøleskapet over natta, og server!

Eg har dessverre ikkje bilete av den ferdige kaka, då eg hadde den med til bursdagsfest og gløymde å ta bilete då eg tok den ut av forma.

Eg veit ikkje kor denne oppskrifta originalt kjem frå, men eg fekk den som sagt frå Høyanger Sentralkjøkken.

Advertisements

5 tankar på “Karamellostekake

  1. Den kaken så jammen meg god ut! Skulle ønske jeg var god å bake – men den gang ei dessverre. Jeg synes Drømmehjerte er et fint navn på boken, den skulle het noe av det samme på engelsk.

  2. Denne kaken har eg høyrt om av Reidun. spørs om eg må prøve den ein gong, eller kanskje du kan lage den til juletreffet vårt i år. For det blir vel det i år og håper eg. klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s