Midgard og eg

Dette er eit langt innlegg. Dere er advart.

© John Howe

Eg var ni år då eg besøkte Midgard for første gong. Foreldra mine hadde fortalt søstera mi og meg om denne spanande boka – Ringenes Herre – og vi maste oss til å få lese den. Rettare sagt: vi fekk foreldra våre til å lese den for oss. Komplett med improviserte melodiar til boka sine mange dikt og songar.

Foreldra mine er kulare enn dine.

Det gjekk nokre år. Eg hadde nettopp vore sterkt opptatt (les: obsessed) av Titanic, og var på utkikk etter noko nytt å henge meg opp i. Eg fann ut at dei skulle lage film av Ringenes Herre – og då var det gjort.

Eg las boka opp att. Og ein gong til. Eg trur det til og med var ein gong eg byrja på nytt då eg hadde lest den ut. Telefonrekninga skaut i vêret fordi eg sat fleire timar på vårt modem-drivne Internett og las siste oppdateringar om filmane. Eg var på mIRC og chatta med andre spente fans.

Heldigvis hadde eg nokre venninner som også var interessert, elles hadde dette vore ganske tragisk.

Første filmen kom, og vi hadde fått premierebillettar. Klokka ti på tolv på natta, 18. desember 2001, sat eg og heldt på å svime av i kinosalen fordi eg var så spent.

Nokre er komplett ufordragelege når dei er fjorten. Eg var berre veldig rar.

Filmen var fantastisk, så klart, og oppfølgarane likeså. Eg vart ikkje mindre besatt. Men då det var gått nokre år sidan «Return of the King» gjekk Ringenes Herre litt i gløymeboka. Eg oppdaga andre gode bøker, og byrja etter kvart å studere, noko som ikkje gav meg mykje tid til å lese.

Så, då venninna mi Siri foreslo at vi skulle lese Ringenes Herre i sommar, var det ganske mange år sidan sist eg hadde besøkt Midgard i bokform.

Det var veldig kjekt å kome tilbake. Eg storkoste meg med Bilbos fødselsdagsselskap, gjespa meg gjennom besøket til Tom Bombadil, og lot meg fascinere av skildringane av Moria og Lothlórien. Eg slukte første del av To Tårn, og måtte jobbe meg gjennom andre del. Alt dette var som før. Noko som derimot var nytt var kor oppmerksom eg vart på det reint litterære. Språket i boka er vakkert, om til tider litt gamaldags, og eg lurar på kor lang tid Tolkien brukte på å skrive alle dikta og songane.

All that is gold does not glitter, not all those who wander are lost; the old that is strong does not wither, deep roots are not reached by the frost. From the ashes a fire shall be woken, a light from the shadows shall spring; renenwed shall be blade that was broken, the crownless again shall be king.

– J.R.R. Tolkien

For første gong har eg lagt merke til alle dei skjulte referansane til Aragorn og Arwen si episke kjærleikshistorie. Sukk.

Og sidan eg no har fått min besettelse med filmane litt på avstand, er eg blitt veldig kritisk til ein del av endringane dei gjorde.

Merry (Munti) har vore min favorittkarakter sidan eg som niåring trudde han var jente, og likte at han hadde nesten likt namn som meg. I boka er han ein tankefull, moden og sterk person. Han er Frodo sin beste venn, og dei er veldig like på mange felt. Han kan kome med litt tørr humor innimellom, men er ikkje «comic relief» – slik han er i filmen. Han og Pippin bestemmer seg heller ikkje for å reise med Frodo sånn tilfeldigvis:

You can trust us to stick with you through thick and thin – to the bitter end. […] We are horribly afraid – but we are coming with you; or following you like hounds.

– Merry

Eg skjønar kvifor filmskaparane måtte gjere som dei gjorde, men eg kan ikkje hjelpe for å vere litt skuffa. Likevel, det dei gjorde mot Merry er ingenting mot den totale, dog forståelege, øydelegginga av karakteren Faramir.

We are truth-speakers, we men of Gondor. We boast seldom, and then perform, or die in the attempt. Not if I found it on the highway would I take it I said. Even if I were such a man as to desire this thing, and even though I knew not clearly what this thing was when I spoke, still I should take those words as a vow, and be held by them.

– Faramir

Faramir er like edel som Aragorn i boka, og det var vel det som var problemet. Dei kunne ikkje ha to så like karakterar. Den utvida versjonen av To Tårn gjer litt for å betre saka (den viser meir av motivasjonen hans), men dei fleste kinogjengarar fekk berre inntrykk av Faramir som ein real kjiping.

Éowyn vart heldigvis ikkje endra noko særleg frå bok til film, elles trur eg ikkje eg hadde likt filmane noko særleg. (Merry, Éowyn og Faramir er mine tre favorittkarakterar.)

But no living man am I! You look upon a woman! Eowyn I am, Eomund’s daughter. You stand between me and my lord and kin. Begone, if you be not deathless! For living or dark undead, I will smite you if you touch him.

– Eowyn, til The Witch King.

Gåsehud. Mange har kritisert Tolkien for at han hadde så få kvinnelege karakterar, men treng ein verkeleg meir enn Éowyn? Ho er min helt.

For augeblikket driv eg og les siste boka – Return of the King – som også er min favoritt av dei tre. Den har spenning, action og romantikk; og ein bittersøt slutt. Grugledar meg til å vere ferdig.

Då eg var ni, og vi var kome halvvegs i boka, vedda eg med søstera mi kva som kom til å vere det siste ordet i boka. Ho trudde ikkje det kunne vere «han». Eg visste det, fordi eg hadde lest det.

Eg tente ti kroner.

Advertisements

10 tankar på “Midgard og eg

  1. tusen takk, sant dei er skjønne ja? 🙂

    åh, ringenes herre er litteratur historie – nydeleg og fantastisk! Har lese bøkene på norsk og engelsk og sett alle filmane 🙂 forstår at folk har kritisert tolkien, men dette vart jo skriven i ei tid der likestilling ikkje var det det er i dag i det heile, at tolkien hadde tre, sterke, kvinnelege karakterar seier sitt dersom ein ser det frå den sida. mine favoritt karakterar er galadriell, eowyn og pippin. 🙂

  2. Jeg har ikke lest Ringenes herre, men jeg har sett filmene… Ikke helt noe for meg!

    SV: Jeg har selv ikke opplevd noe ulykke på fredag den 13. Håper ikke du har hatt en dårlig dag i dag søta ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s