Sommar i listeform

Min sommar inneheld desse fire hovudpunkta:

  • Jobb
  • Reising
  • Internett
  • Lesing

I tillegg til det naudsynte, sjølvsagt: søvn og mat.

Jobb

Eg jobbar, som i fjor og året før, på Høyanger Sentralkjøkken. Der lagar eg mat, pakkar mat, vaskar opp… Det er den kjekkaste jobben eg har hatt (ikkje berre grunna den store mengden dessertrestar eg får konsumere!), og sommaren har gått kjempefort. Ein einaste ting er litt kjipt, og det er arbeidstidene. Uansett kor mange gongar eg gjer det, klarar eg ikkje venne meg til å stå opp klokka seks. Derfor er eg supermegatrøytt kvar ettermiddag, og derfor har det vore dårleg med blogginga i det siste.

Reising

Eg har ikkje hatt ei heil helg heime sidan sommaren byrja. Først var eg i Bergen, så var eg i Førde, så var eg i Fredrikstad, og forrige helg var eg igjen i Bergen. Eg skulle på Musekonsert.

Mitt einaste brukbare bilete frå konserten. Eg hadde viktigare ting å gjere.

Det var heilt fantastisk, vi stod langt framme og vêret var perfekt. Det einaste eg sakna litt var meir stemning blant publikum. Muse er ikkje eit band som frir til publikum noko særleg, derfor må publikum lage liv sjølv. Eg skal ikkje vere slem og skulde på alle fjortisane som var der, som berre har høyrt dei siste songane til Muse og er fan grunna Twilight.

Oops.

Då eg var i Fredrikstad drakk eg eigenhendig opp ei flaske Blue Nun musserande gull-vin, pluss litt attåt, og gjorde følgjande:

  1. Leia an i «Glow»-dansing. To gongar. Det var meget gøy.
  2. Stakk av midt i ein samtale fordi eg fekk lyst til å hoppe på trampolina.
  3. Hoppa på trampolina med ein teolog og ein arkitekt.
  4. Byrja å diskutere religion med teologen. Meget interessant!
  5. Spurte om arkitekten var ordentleg arkitekt eller «tullearkitekt». Tullearkitektar er dei som ikkje kan matte.
  6. Snakka svensk med ein svenske. Lenge. I fullt alvor. Fordi eg trudde han ikkje forstod vestnorsk.

Akk ja. Eg hadde det veldig gøy. No blir eg småflau kvar gong eg høyrar nokon snakke svensk.

Internett

Eg bloggar lite, men eg les masse bloggar. Min nye favoritt er Hyperbole and a Half. Eg lo så eg grein av historia om fem år gamle Allie og fisken. Anbefalast! Elles anbefalar eg alle bloggane eg linkar til i sidebaren min.

Lesing

Eg er veldig interessert i det eg studerar, men innimellom er det godt med pause frå fagbøkene. I fjor sommar las eg fag i ferien, noko eg ikkje har planar om å gjere igjen. Så i år les eg litteratur. Og ikkje kva som helst. Eg les opp att «The Lord of the Rings», for sikkert fjortande gong.

Eg har eit veldig sterkt forhold til denne boka, den har vore i min verden sidan eg var ni. Eg veit alt som skjer, men blir aldri lei av å lese den. Ringenes Herre er mest kjend som eit bra eventyr, men eg tykkjer den også er eit litterært mesterverk. Gjennomført episk, med dikt og songar, og det er så mange flotte sitat!

Many that live deserve death. And some that die deserve life. Can you give it to them? Then do not be too eager to deal out death in judgement. For even the very wise cannot see all ends.

– Gandalf

Eg anbefalar alle å lese boka. Det er ikkje nok å berre sjå filmane.

Advertisements

9 tankar på “Sommar i listeform

  1. Oi, sa du dessert? Høres ut som en flott jobb! Selv jobber jeg på et galleri, og i tilegg til kunst selger vi fantastisk sjokolade og andre godsaker. Så jeg får også smake på mye godt!

    Lurer litt på om jeg skal prøve å lese Ringenes Herre igjen. Prøvde meg sist i sjette eller syvende-klasse, men ga opp etter hundre sider. Det begynner jo å bli noen år siden. Jeg synes nok ikke den er like tung nå!

  2. Jobbe-somrar blir som regel slik. I mitt tilfelle er det sove, jobb, ete, lese, internett, sove.

    Sv: Det tok stor viljestyrke å halde tårene tilbake, men eg greidde det no. Men hadde han vore der 10 sekundar lengre hadde det nok ikkje gått like bra.

  3. Haha, ei lita verd, heilt klart! Og spesielt i Bergen, studentar har det med å kjenne kvarandre.

    Eg likar og den nye leilegheita. Og så klart er eg nøgd med å ha Marianne nærare.

    Då er eg sikker på at me sjåast til hausten! =)

  4. nei held på å bli galen sjølv. har slitt med insomnia i eit halvt år – nokon periodar er verre enn andre, men er inn i ein veldig fæl fase no. tok sovemedisin for fyrste gong i går – og fekk ikkje sove likevel så det skal ikkje mykje til før du blir galen…

    å, ringenes herre er blant favoritt bøkene mine! den er så fin – finaste triologien nokon sinne!

  5. Ringdrotten-bøkene lyt verta lesne på nynorsk. :3

    Eller vel, den nynorske omsetjinga er faktisk såpass tungskriven at det er ganske slitsamt å koma seg forbi dei fyrste hundre sidene. Men det er likevel ei svært interessant omsetjing.

    Eg gløymde kva poenget mitt var.

  6. mikaoJ: Eg likar best å lese den på originalspråket, men har definitivt tenkt å lese den på nynorsk ein gong! Er ganske fascinert over kor mykje arbeid oversetjaren la ned, ved bl.a. å la dei forskjellige folkeslaga snakke ulike dialekter/nynorskvariantar. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s