Drøyme seg vekk: Hayao Miyazaki

Er det ein ting eg er flink til, så er det å drøyme meg vekk. Enten det er i ein film, ein bokserie eg eigentleg ikkje trudde eg skulle like, eller andre eventyr. Frå foreldra mine las Ringenes Herre til meg då eg var ni har eg vore dømd til å føretrekkje alt som har fantasielement i seg. Min favoritt-TV-serie handlar om eit romvesen som reiser i tid. Favorittforfattaren min har alltid noko overnaturleg i bøkene sine. Min favorittfilmskapar, som det skal handle om i dette innlegget, lagar eventyrfilmar som både born og vaksne elskar.

Eg skal snakke om japanske Hayao Miyazaki.

Eg skulle gjerne likt å vite korleis Miyazaki sin hjerne er skrudd i hop. Gong på gong lagar han anime-filmar som verkeleg fangar born sitt syn på verda: ein spanande, mystisk, og til tider litt skummel stad. Hovudkarakterane i filmane er langt frå det sukkersøte og perfekte ein ofte ser i Disney-filmar. Filmane har i tillegg ein idérikdom som få kan konkurrere med. Eg har ikkje tal på kor mange gongar dei har fått meg til å tenkje «aha!» eller «wow!». Han klarar å inkludere så utruleg mange element, som i staden for å rote til filmen berre gjer den enda meir fantastisk. Nokre kjennemerker har han også, som at fiendar ofte blir allierte i løpet av handlinga. Dei gongane born har hovudrollene, er desse alltid veldig realistiske. Dei oppførar seg som ungar, med alle fordelar og ulemper det har.

Miyazaki har også laga filmar for eldre publikum, desse har ofte eit sterkt miljøvernsbodskap. Nausicaä of the Valley of the Wind og Princess Mononoke er begge utruleg bra, men eg tykkjer det er «barnefilmane» hans som er best. Rett og slett på grunn av stemninga. Uansett kor skummel handlinga vert, har ein alltid ei kjensle av at det kjem til å gå bra. Delar av gleden ved å drøyme seg vekk er jo at alt, i motsetning til i den verkelege verda, kan gå bra?

Dei tre beste Miyazakifilmane, i mi meining, er her lista opp:

 

Det levende slottet
(Hauru no Ugoku Shiro)

Åh, eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har sett denne filmen! Musikken, historia, animasjonen…alt er berre heilt nydeleg. Filmen, om unge Sophie som vert forvandla til ei gamal dame, og som tar seg (ganske ubedt) jobb som vaskedame hjå trollmannen Hauru, er den mest «voksne» av barnefilmane til Miyazaki. Den kan vere ganske skummel til tider, men alt går sjølvsagt bra til slutt. Mine favorittelement i filmen er den mektige ildånden Calcifer som vert sjefa rundt av Sophie (og som er ganske snurt for det!), og korleis den sjenerte ungjenta Sophie lett glir inn i rolla som bestemt gamal dame.

 

Chihiro og heksene
(Sen to Chihiro no kamikakushi)

Denne filmen såg eg for første gong under ekstremt jet-lag, og eg trur eg drøymde halve filmen. Det var jo eigentleg ganske passande, då delar av filmen er veldig draumeaktig. Chihiro, ein sta og furten tiåring, rotar seg inn i ein åndeverden og får jobb som tenestejente i eit stort badehus. Her opplever ho mykje rart medan ho prøvar å finne ut korleis ho skal redde foreldra sine, som er blitt forvandla til grisar. Som i Det levende slottet er musikken heilt nydeleg, og historia full av små godbitar. Min favoritt er rensinga av «stinkeånden» – der dei må fjerne forureining og søppel (mellom anna ein sykkel!) frå det som visar seg å vere ein veldig tilgrisa elveånd.

 

Ponyo på klippen ved havet
(Gake no Ue no Ponyo)

Søtaste filmen nokon sinne. Eg såg den for fyrste gong for nokre dagar sidan, og den dytta med ein gong Min nabo Totoro ned frå tredjeplassen. Dette er ein film for dei yngste, fri frå dei skumlare elementa i dei to filmane over. Den er laust basert på Den lille havfruen (Ponyo er ein magisk gullfisk som vil bli menneske), men har ein lukkeleg slutt. Visuelt sett er filmen vakker. Mange av undervannsscenene kunne vore maleri. Det eg likte best ved den var likevel karakterane, frå dei gamle damene på eldresenteret til Sosuke sin tøffe mamma. Filmen er definitivt noko du kan sette på ein dag du er i dårleg humør. Ein kan ikkje hjelpe for å smile når ein ser den.

Det levende slottet, Chihiro og Ponyo er mine tre hovudanbefalingar når det kjem til Miyazaki. Dei tre andre filmane eg har lenka til i teksten er også veldig bra, men spesielt Nausicaä og Mononoke kan vere litt vanskelegare å kome inn i. Så vidt eg veit finnes det heller ikkje norsk dubbing for desse to. Ikkje at det er eit stort problem, for eg tykkjer filmane er best på originalspråket. Miyazaki puttar inn mykje japansk kultur i filmane, og då vert det rart når karakterane snakkar norsk eller engelsk.

Advertisements

4 tankar på “Drøyme seg vekk: Hayao Miyazaki

  1. Eg har verkeleg ikkje klart å få noko godt greip på dei to siste filmane til Miyazaki. Eg har jo sett «Det levende slottet» og «Ponyo» to gonger kvar, men alle gongene etterlét filmane meg fullstendig forvirra, og eg sat bare i stolen og lurte på kva faen det eigentleg var som eg nettopp såg på. Stundom glinsa dei begge til med fantastiske augeblunkar, men når det gjelder heilskapen, trur eg rett og slett at eg ikkje forstår desse filmane.

    Og det er ganske synd, for eg elskar ganske mange av dei andre filmane hans. «Prinsesse Mononoke», «Chihiro og heksene» og «Nausicäa» er alle tri fullstendig fantastiske maktdemonstrasjonar innan filmskaping. Porco Rosso er òg veldig inspirert og vakker.

  2. hahaha! tusen takk, det trengst 😉
    har aldri sjølv følgt så mykje med på anime. ikkje bøker eller film. bror min derimot elskar anime, kanskje eg bør prøve meg på det ein gong? 🙂
    forresten, utruleg stilig at du skal utdanne deg innan kvantemekanikk og sånt (kva er eigentleg begrepet?)! kjempe kult!

  3. Enig i at Miyazaki lager gode filmer. Har med meg en del av hans filmer på ferie som jeg tenkte at jeg skulle få sett, igjen – siden jeg har sett alle jeg har med meg.

    Kjøpte Ponyo for ikke så lenge siden, men den har jeg ennå ikke fått sett.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s