The Twilight Saga: Ei bokmelding

Som nemnd tidlegare skulle eg berre sjekke ut «Twilight». Eg enda opp med å lese heile serien. Dere er herved advart: bokmeldinga innheld spoilers.

The good

Vampyrar er gøy. Enkelt og greit. Eg var hekta på vampyrar som fjortis, og burde eigentleg skjønt at eg kom til å bli sugd inn i desse bøkene òg (for å bruke eit passande uttrykk).  Om ikkje anna så er dei særs underholdande, og dei krever veldig lite hjerneaktivitet.

Vidare må eg sei eg fekk sansen for Meyer sin vri på dei gamle vampyrmytene. Det til tross for at eg på førehand hadde dømd den nord og ned. Glitrande vampyrar, liksom? Men på eit eller anna vis fekk ho det til å fungere. Spesielt likte eg talenta nokre av vampyrane hadde, og at desse berre var forsterka versjonar av noko dei kunne som menneske.

Med andre ord likte eg eventyrdelane av bøkene best. Eigentleg var det berre dei delane eg likte. Derfor vurderte eg sterkt å droppe heile serien i byrjinga av New Moon, då vampyrane drog sin veg. Ikkje minst fordi Bella i tillegg var så grusomt emo (meir om det under). Så dukka varulvane opp, og eg heldt fram med å lese.

Eg er veldig glad eg gjorde det. For bok fire, Breaking Dawn, er ein horror-fest av uante dimensjonar; med vampyrkrig, varulvalliansar og babyar som må bitast ut av magen. Stor underholdning.

Dessutan fekk vi, takka vere Jacob, pause frå syte-Bella ei kort stund. Som bringer meg over til:

The bad

Er det meininga at lesaren skal få noko som helst sympati for Bella? For makan til sytete, utakknemleg og uengasjerande karakter skal ein leite lenge etter. Det var mogleg å tolerere ho så lenge Edward var til stades, for nokon måtte jo fortelje historia. Men som nemnd tidlegare var det så vidt eg ikkje gav opp då han reiste frå ho. Takk og pris for Jacob, som gjorde ho hakket mindre emo. New Moon står likevel att som den dårlegaste av bøkene, mykje grunna sytinga til Bella, og all den idiotiske ekstremsporten ho utset seg for, for å hallusinere Edward.

Eg hugsar eg heilt i starten tykte språket til Meyer var skikkeleg dårleg, men eg såg meg fort blind på det. Det minna meg eigentleg om då eg las ”Da Vinci-koden”. Etter kvart vart historia såpass underholdande at eg gløymde språket. Så det skal ho ha, ho klarar å kamuflere manglande skriveevner med stor idérikdom.

Eg skulle berre ynskje ho hadde skapt ein betre hovudkarakter.

The ugly

Eg riv meg i håret over tanken på at unge, lettpåvirkelege jenter les desse bøkene og har Bella som førebilete. Bella, som har som einaste ambisjon i livet å tilbringe kvart augeblikk med sin elskede Edward. Som er uinteressert i høgare utdanning, og som visstnok elskar kjærasten sin så høgt at ho ikkje bryr seg om at han skadar ho. Måten morgonen etter bryllaupsnatta deira er skildra på i Breaking Dawn opplevde eg som veldig problematisk. Likeeins korleis Bella nektar å ein gong vurdere å ende graviditeten sin, sjølv om fosteret er i ferd med å ta livet av ho. Som ein del av heile forteljinga er ikkje desse to tilfella veldig ille, men med ein gong ein tolkar dei i ei større samanheng…

Det vert litt ubehageleg.

Så! Om du har lyst, og kan tolerere Bella, anbefalar eg bøkene som lettlest underholdning. Eg anbefalar ikkje å gi dei til ditt tretten år gamle søskenbarn.

For gode, og til tider ganske humoristiske kommentarar til Twilight serien, sjekk ut Cleolinda.

Advertisements

5 tankar på “The Twilight Saga: Ei bokmelding

  1. SV: Så bra at du har en bra PC! 🙂 Jeg synes synd på de som har slik PC jeg hadde i alle fall, for de jeg har hatt har ikke vært særlig bra. Men det visst jeg ikke da, før jeg fikk Mac.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s