Curvespiration

I det siste har eg snubla over ein del treningsbloggar, og eg vert like sjokkert kvar gong eg ser bileta desse jentene brukar som inspirasjon. For det slår aldri feil, det er alltid veldig tynne modellar og skodespelarar.

Årsaken til at eg vert så sjokkert? Fordi eg hugsar at det for nokre år sidan var stort fokus på «Pro-Ana»-sider og -samfunn på nettet. Pro-Ana står for Pro-Anorexia, og hovudtanken bak rørsla er at anoreksi er ein livstil, ikkje ein sjukdom. Rimeleg ille, ikkje sant? Felles for alle Pro-Ana-sidene var at dei hadde lagt av mykje plass til såkalla «thinspiration» – «inspirasjonsbilete» av veldig tynne kvinner.

Så kvar gong eg ser nokon som brukar bilete av modellar som treningsinspirasjon går det av alarmklokker i hjernen min.

No vil nok mange sei at det berre er bra å ha eit mål å strebe mot. Og eg anklagar for all del ikkje desse jentene for å ha anoreksi! Men når inspirasjonen har heilt anna kroppsbygning og forutsetningar enn den som lar seg inspirere, så vert det litt feil. Ikkje alle er meint for å passe inn i størrelse 32, meg sjølv inkludert. Burde ein ikkje strebe mot å ha ein sunn kropp og livsstil, heller enn ein bestemt utsjånad?

Personleg er eg ganske nøgd med kroppen min slik den er. Eg kunne sjølvsagt tenke meg å stramme den litt opp, og ikkje minst få betre kondis, men eg har ikkje eigentleg lyst til å bli tynnare. Og eg tenkjer at sidan det er slik den ser ut med eit normalt kosthold og vanleg kvardagsaktivitet, så er det kanskje slik eg skal sjå ut?

Så, for oss som er nøgd med litt former har eg samla inn nokre bilete som visar at ein kan vere dødsflott utan å vere syltynn. Desse damene er mine førebilete:

Christina Hendricks, kjend frå den fantastiske serien «Mad Men».

Crystal Renn, tidlegare vanleg modell, no «plus-size».

Denne dama treng ikkje noko introduksjon.

Sara Ramírez, kjend som Callie Torres i Grey’s Anatomy

Desse damene er ikkje berre dødsflotte, men sterke nok til å stå imot det ekstreme kroppspresset i Hollywood og moteverda. Crystal Renn heldt på å øydelegge seg med ekstrem slanking, men bestemte seg for å slutte, og er no ein veldig suksessfull «plus-size»-modell. Christina Hendricks stel alle scenene ho er med i, og seier sjølv at ho aldri har tenkt over at ho er større enn «normalt». Beyoncé er flott, og dess meir eg ser av Grey’s Anatomy, dess meir elskar eg Sara Ramírez.

Advertisements

8 tankar på “Curvespiration

  1. Helt enig! Kjempefint innlegg. dette er jo skikkelig flotte damer 😀

    Jeg er også egentlig ganske fornøyd med sånn som jeg er nå! Har lyst på litt mer tydelige muskler og gå litt ned i vekt, men har det helt fint sånn som jeg er nå også – så stresser ikke akkurat 😉

  2. JA! Du har så SJUKT rett! Eg bøyer meg i støvet for deg!
    Eg likar dessutan best jenter som har litt kjøtt på kroppen! 😉 Sara Ramirez er jo utan tvil verdas vakraste kvinne. HEIT, rett og slett!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s