Fysikalsk kjemi i kvardagen: Mikrobølgjeomn

Eg tenkte eg skulle skrive litt om kjemien og fysikken bak kvardagslege fenomen. I dag er temaet mikrobølgjeomnar.


Mikrobølgjestråling er fellesnemnaren for elektromagnetisk stråling med bølgjelengde mellom ein meter og ein millimeter. For å sei det litt mindre avansert: det er lys med mindre energi enn varmestråling, men meir enn radiobølgjer.

Når du puttar maten i mikrobølgjeomnen og skrur på, bestrålar du den med slike bølgjer. Desse har akkurat den energien vassmolekyl treng for å rotere, og når dei gjer dette vert varme overført til maten. Fordi strålinga går gjennom det meste av maten, startar den denne rotasjonen over alt. Slik får ein ei jamn oppvarming.

Alle veit jo at ein ikkje skal putte metall i mikrobølgjeomnen. Dette er fordi metall har lettbevegelege elektron, som blir satt i rørsle av den elektromagnetiske strålinga. Dermed risikerar ein alt frå kraftig oppvarming av metallet (fordi det går straum i det) til elektriske utladingar som smell og lysglimt.

Eg putta ein gong i vanvare ein plast-og-metallgaffel i ein mikrobølgjeomn. Den tok fyr.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s