Dublin i bilete

Siste halvdel av påskeferien var eg, kjærasten og nokre vener i Dublin. Eg har alltid hatt ein liten fascinasjon for Irland. Musikken, språket, historia – og så tykkjer eg den irske engelskdialekta er veldig fin. Til tider totalt uforståeleg (meir enn eg trudde den kom til å vere!), men fin.

Den slår likevel ikkje det irske språket. I Dublin var dei fleste skilt på både irsk og engelsk, og eg må spør, har du sett noko så nydeleg?

Eventyraktig, på ein måte.

Apropos eventyr, eg tykte det var ganske passande at dette var eit av dei første syna som møtte oss inne i Dublin:

Tatt i Temple Bar-området.

Er det ein ting ein må gjere i Dublin, så er det å gå på bar. Første kvelden var vi på ein med livemusikk. Fantastisk stereotypt og veldig artig.

Ein annan ting ein må gjere i Dublin:

Smake Guinness. Det vart med smakinga for min del. Generelt drakk eg veldig lite på turen, noko som vert litt feil. Som ein eg gjekk på folkehøgskule med sa: «Å vere i Irland utan å drikke er som å reise til Egypt utan å sjå pyramidene.»

For å gjere ting hakket verre:

Vi brukte over ein halv time på å leite oss fram til ei amerikansk kaffisjappe.

Men ein kan jo ikkje drikke øl heile tida, heller. Dessutan var det langfredag, ein av to dagar i året der pubane i Irland er stengde. Vi gjekk heller på shopping den dagen, og eg vart introdusert for Primark gjennom deira irske avdeling, Penneys. Eg braut spektakulært mitt forsett om å ikkje kjøpe kle. Eller sko. Eller sminke.

På laurdagen var vi på busstur. Der såg vi fine lyktestolpar:

Vi hoppa av bussen ved Guinnessmuseet.

Frå toppen av museet kunne ein sjå utover byen:

Eg koste meg verkeleg i Dublin, og var ikkje noko glad då vi skulle reise heim på søndagen. Tre dagar vert litt lite for å få eit ordentleg inntrykk av byen, og eg kunne godt tenke meg å reise tilbake.

Kanskje eg då vil få sett pyramidene.

Advertisements

2 tankar på “Dublin i bilete

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s