Ferie!

Oppladinga mi til påske har vore ein rosabloggar verdig.

Det heile starta på torsdag, då Anna, Siri og eg troppa opp utafor H&M klokka fem på ni for å få med oss lanseringa av The Garden Collection. Det var heilt ville tilstandar då dørene opna. Haugevis av jenter (nokre med apatiske gutar på slep) storma inn for å rive med seg det dei ville ha – gjerne i heilt feil storleik. Dette siste naut eg godt av, då eg fekk tak i dette kunstverket utan å måtte melde meg inn i slosskampen:

Ei jente kom og spurte om nokon ville ha den, og sidan det var rett storleik sa eg «JA!». Seinare fann eg ut at det berre er 200 slike kjolar i heile Noreg. Til å vere H&M er det ganske spesielt.

Det var sjølvsagt kø til prøveromma, så vi lagde oss vårt eige ved hjelp av nokre strategisk plasserte klesstativ. Her driv Anna og prøvar ein topp:

Etter kvart kom det fleire jenter til «prøverommet», og den noko aggressive stemninga frå starten fordufta. Alt i alt var det ei artig oppleving, og eg fekk lyst til å gå på fleire slike lanseringar.

Rosabloggar-faktene heldt fram i går. Det har seg nemleg slik at eg fekk eit gåvekort på ansiktsbehandling til jul, men på grunn av KJEM250 og anna stress fekk eg ikkje brukt det før i går. Og det var heilt fantastisk! Eg har aldri kjent meg så bortskjemt i heile mitt liv. Samstundes tykkjer eg det er litt spesielt at å få ansiktsbehandling faktisk er meir smertefullt enn ein gjennomsnittleg tannlegetime. For sjølv om det var skikkeleg behageleg mestparten av tida, var det ikkje fullt så kjekt då ho fjerna svarte prikkar ved å trykke ein metallpinne dødshardt mot nasa mi. I nesten ti minutt. Resultatet vart bra, då, så det er vel slik at ein må lide for venleiken?

No er eg på veg heim til Høyanger, der eg skal slappe av og (grøss!) lese Twilight. Eg har gått rundt og snakka drit om den bokserien i eit halvt år no, utan faktisk å ha lest den. Derfor skal eg no gjere litt research, så eg med tyngde kan sei at serien er noko anti-feministisk, håplaust møl.

Advertisements

5 tankar på “Ferie!

  1. eg gler meg til bokmeldinga kjem. eg har kjent meg veldig utanfor medan det har stått på. prøvd å dreia samtalen inn på tolstoj og lett nerding, men desse vampyrane ser ut til å fenga meir. forstå det den som kan. kan du no?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s