«Å nei, no fekk eg hjerneteppe!»

Ser du ikkje noko feil i setninga over? Då er du ein av mange som lid under den misoppfatninga at det heiter «å få hjerneteppe». Det riktige er sjølvsagt jernteppe. Dette lærte eg faktisk i eit Donaldblad då eg var liten (eg var ivrig Donald-lesar), men for dei som ikkje var så heldige følgjer no ei kort folkeopplysning:

«Å få jernteppe» er eit gamalt uttrykk. Det vart truleg brukt av skodespelarar til å byrje med, men gjekk fort over til den øvrige befolkninga. Eit jernteppe var ein brannvegg som kunne fires ned mellom scena og salen. Det har seinare blitt eit utrykk for noko solid og ugjennomtrengjeleg. Vi kallar jo skiljet mellom aust- og vest-Europa under den kalde krigen for «jernteppet». Med andre ord er det å få jernteppe som å få ein solid vegg mellom seg sjølv og den kunnskapen ein veit ein har, men som brått vert utilgjengeleg.

«Hjerneteppe» er fantasilaust, feil, og det irriterar meg meir enn det som kanskje er normalt. Så ver så snill folkens, skriv det riktig!

I neste veke: rett uttale av ordet «baguette».

Kjelde: «Jernteppe eller hjerneteppe», hjå Språkrådet.

Advertisements

4 tankar på “«Å nei, no fekk eg hjerneteppe!»

  1. ÅH. Så hjartans samd. Eg veit AKKURAT korleis du har det. Eg er ein av dei irriterande nerdane som KVAR gong MÅ bemerke at det er feil med «hjerneteppe».

    Ja, kanskje unormalt mykje irritert over dette, men du er ikkje aleine.

  2. hihi, det er litt artig det der.. Jeg tror jeg også bruker de begrepene helt om hverandre jeg. Vet jo hva som er riktig – meen det er jo liksom litt logisk med ett teppe over hjernen også 😉

  3. Jeg tok feil av det før… altså på ungdomsskolen en gang. Haha. Trodde det var et teppe som dekka hjernen liksom. Hihihii.

    sv: enig med deg.. så lenge man ikke har helseproblemer pga fedme, så er alle kroppstyper akseptabelt i mine øyne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s