Arv, miljø, og hjernevask

For å sjå kva alt oppstyret var om, har eg no sett dei to første episodane av «Hjernevask». Som den gode realisten eg er, har eg nikka annerkjennande til dei biologiske forklaringsmodellane, og rista på hovudet over samfunnsvitarane sine uttalelsar.

Så kom eg på «Om prinsesser og tilbakeslag«, som eg skreiv i fjor. No meiner eg framleis at prinsessefokuset hjå småjenter i stor grad er miljøskapt, men då eg skreiv det innlegget var det med ein grunnidé i hovudet, nemleg at det er miljø som formar kjønnsrollene. Ein grunnidé basert på eit einaste døme, nemleg meg sjølv.

Fordi eg trekkes ikkje mot sosiale yrker. Eg har aldri leika «mor, far, barn» (med mindre nokon tvang meg). Eit av mine første minner er ei bilgarasje-leike med nøklar, og at eg prøvde å finne ut korleis den fungerte. Ei av hovudårsakene til at eg likar realfag, er at eg får lære korleis verda er skrudd i hop. Og eg elskar å montere Ikea-møblar.

Nok om meg.

Det eg tykkjer er litt skummelt i arv/miljø-debatten, er at mange av dei som deltar i den står så steilt på sitt at dei ikkje ein gong vil høyre kva den andre parten har å sei. Er det ein ting eg lærte av «Evolusjonslære og økologi» (som eg tok i fjor), så er det at mennesket er alt for komplekst for berre ein forklaringsmodell. Arv og miljø er så vevd inn i kvarandre at det ikkje er rart folk berre ser ein, og ikkje den andre. Men når folk meinar miljøet rundt oss styrer alt vi gjer, så ser dei vekk i frå ein veldig viktig del av det som formar eit menneske. Og likeeins for dei som meinar biologien har full kontroll. Desse siste er skumlast, tykkjer eg, fordi alt vert så fastlåst om ein berre skal skulde på genene. Eg veit ikkje om eg ville likt å leve i eit land der arv-tilhengjarane fekk styre.

For det er ikkje så ille med den norske ideen om at berre tankane og haldningane dine hindrar deg. Det opnar opp for at fleire kan bryte med kjønnsrollar, klasserollar. Mange gjer faktisk dette, og eg likar ikkje tanken på at desse skal tvingast inn i ei bestemt form. For ei av hovudeigenskapane til gener er at dei gir mangfold. Eg er heilt med på at arv styrer mykje hjå menneska, men kan det ikkje vere genetisk variasjon sjølv i dei «kjønna» eigenskapane? Genet for omsorg sit ikkje på XX-kromosoma.

Og ikkje minst. Menneska er dei mest bevisste vesena på denne planeten. Vi er bevisste våre forskjellar, og opphavet til dei. I Noreg har denne bevisstheita blitt brukt til å jamne ut, ikkje kjønnsfordelinga i ingeniør- og sjukepleiaryrket, men moglegheitane til menn og kvinner. Om mine gener gir meg nysgjerrigheita og viljen til å ta master- og kanskje doktorgrad, så har eg lov til det. Og om andre jenter sine gener gir dei lysta og evnene til å gå inn i det ekstremt viktige arbeidet som sjukepleiar, så har dei lov til det.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s