Hoppeball!

I går stod eg og Kristine i kø på Torgallmenningen i nærare tjue minutt, for så å bli fortalt at, beklager, dei var tomme for hoppeballar.

På laurdag vart det nemleg satt verdsrekord i hoppeballtog på Torgallmenningen. Det heile vart leia an av ein gjeng OnePiece-kledde NHH-studentar, som ein del av UKEN10. Eg må sei at OnePiece og hoppeballhopping passar ganske godt i lag:

Det såg eigentleg veldig gøy ut, så det var litt surt at vi ikkje fekk vore med. På den andre sida var det ikkje så verst å stå på sidelina med gratis Ben&Jerry’s-is, heller.

Toget var ganske morosamt å sjå på. Masse folk i alle alderar som hoppa opp og ned, hår til alle kantar, og alle smilte og lo. Bra tiltak av UKEN10, tykkjer eg! Alle har godt av å leike litt innimellom.

Og eg har skikkeleg lyst på ein hoppeball no.

Advertisements

Ein tanke på “Hoppeball!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s