Mari er stressa => Mari syt

Det kjennes ut som eg har banka hovudet mot veggen i sju timar.

Øving 2 gjekk så leikande lett, at eg byrja å få eit positivt syn på KJEM250. Eg fortalte til og med folk at faget «ikkje er så ille»! Lite visste eg at ei veke fram i tid låg øving 3 og sneik, og gliste lurt fordi han hadde bestemt seg for at verken Mari eller venninnene hennes skulle få han til!

I går fekk vi alle ikkje godkjend, noko som labdamene faktisk tykte var pussig, med tanke på at dei andre på laben vår fekk det til med ein gong. Dei satte faktisk i gong ei lita undersøkjing for å løyse mysteriet! Men kom dessverre ikkje fram til noko.

I dag har eg vore på laben i sju timar. Eg har gjort den same titreringa om og om igjen, med mine eigne løysingar, andre sine løysingar, og tre ulike prøver. Til slutt stod eine laboratorieingeniøren og observerte, og gav råd til, alt eg gjorde heile øvinga igjennom. Ikkje ein gong då låg eg innanfor grensa for å få godkjend. Då bestemte dei snille, snille damene å la meg få godkjend, fordi dei visste at eg ikkje hadde gjort noko feil sjølv (og eg låg 1,1% over – grensa var 1%).

Problemet er berre at eg fekk godkjend del 1 av 3 på øvinga. Sannsynlegvis må eg drakse med meg del 2 og 3 inn i neste veke, noko som passar dårleg med min Store Plan for å Forhindre å bli Utbrent/få Magesår av KJEM250. Den planen går ut på å berre gjere ei øving i veka, for å få tid til andre fag og ikkje stresse meg i hjel. No må eg gjere to i neste veke.

AAARGH. Eg har mest lyst til å leggje meg og ikkje stå opp igjen før mars.

PS: Eg er i denne vekas Studvest.

Advertisements

3 tankar på “Mari er stressa => Mari syt

  1. Hoho, nå kjente jeg plutselig at det var godt å være helt ferdig med kjemi i mitt liv. Hehe, selv om jeg har vørt litt kjeminerd og synes dette var veldig gøy i sitt tid.. 😉 Men lab og labrapporter var bare stress!

  2. Tilbakeping: CPR « Mari Datura

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s