Vakraste filmen

Innimellom kjem det ein film, ei bok eller ein serie som triggar ein slags besettelsesfunksjon i hjernen min. Eg berre må vite alt om den, sjå alle bakomfilmane, lese om forfattaren, sjå andre filmar med skodespelarane…

Det heile starta då eg var ti år, nettopp hadde sett Titanic, og plutseleg måtte vite alt, ikkje berre om filmen men også sjølve hendinga. Derfrå gjekk det slag i slag med Ringenes Herre (boka), Ringenes Herre (filmane), Robin Hobbs «The Tawny Man«, Doctor Who, og mange, mange andre småbesettelsar innimellom. Eit resultat av dette er at eg opp igjennom åra har fylt hjernen med store mengder unyttig trivia. Eg kan til dømes legge ut i det vide og det breie om det meste som gjekk inn i å lage Ringenes Herre-filmane, og kan framleis fortelje deg kor mange livbåtar Titanic hadde (20), at fire av dei var samanleggbare, og at nokre menn faktisk overlevde katastrofa ved å balansere oppå ein som låg med kjølen i vêret.

No har det gått ei tid sidan sist eg hadde ein skikkeleg besettelse, men i helga slo det inn att for fullt. Med tanke på at fellesnemnaren for mine tidlegare interesser stort sett er fantasy og science fiction, krev det vel ikkje så mykje fantasi for å skjøne kva film det er snakk om?

Eg såg den to gongar på fire dagar.

Faktisk, så kan eg ikkje skjøne at eg ikkje var meir interessert i denne filmen før eg såg den på kino. Eg burde jo ant at kombinasjonen James Cameron, James Horner (komponisten av filmmusikken til både Avatar og Titanic) og vakre romvesen på ein vakker planet var noko som ville appellere til meg. Grunnen til at eg trekk fram Horner er at filmmusikk er veldig viktig for meg, og i Avatar sitt tilfelle dyttar den filmen opp eit ekstra par hakk. Eg har høyrt masse på soundtracket denne veka, og morar meg over å kjenne igjen små parti i musikken som Horner tydelegvis likar så godt at han har brukt det i både Avatar og Titanic. Uansett er det nydeleg musikk, berre høyr:

Avatar har fått ein del kritikk for at historia er klisjé, og at karakterane er karikaturar. Eg kan definitivt sjå kva dei meinar. Likevel, klisjéar er klisjéar for ein grunn, og eg tykkjer James Cameron har eit talent for å få dei til å fungere. Han puttar historiene sine i veldig episke settingar (Titanic og Avatar), slik at vi alltid blir distrahert frå å tenkje «dette har eg sett før», og i tillegg er han flink til å finne gode skodespelarar. Leonardo diCaprio og Kate Winslet i Titanic, Sam Worthington og Zoe Saldana i Avatar.

Sistnemnde sin karakter er heilt og haldent dataanimert, men likevel skin ho igjennom i heile filmen, som dette klippet veldig godt illustrerar: (Spoileradvarsel!)

For ja, dei spelte faktisk ut alle scenene. Dei kallar det «performance capture«, som vil sei at skodespelarprestasjonen ligg til grunn for den seinare animasjonen. Det er mykje same metode dei brukte for å lage Gollum i Ringenes Herre (meir trivia, folkens!). Eg trur det er bruken av performance capture som gjer at Na’vi-folket verkar så ekte, og eg tar av meg hatten for skodespelarane som spelte inn ein heil film i ein diger hall nesten utan rekvisittar.

Det einaste som eg tykte var litt plagsomt i filmen, var at eg veldig fort måtte skru av realistdelen av hjernen min. For det er veldig mykje i den som strid mot alt av naturlover og logikk. Eg vart eigentleg ganske letta då eg såg James Cameron kalle filmen «science fantasy», for då vart plutseleg svevande fjell og «unobtainium» lov.

Og uansett så gløymde eg fort å vere kritisk, for eg vart så oppslukt i det fantastiske eventyret.

Advertisements

3 tankar på “Vakraste filmen

  1. …er det no eg, av omsyn til opphenget ditt, ikkje bør nemna at na’vi-språket faktisk følgjer reglar? i alle fall trur eg dei sa noko slikt på radioen. at dei har gjort slik som tolkien gjorde med alvespråka sine. og gissa ei gong kva som er grunnen til at eg gler meg inst til å sjå denne filmen!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s