2009 – ei fotooppsummering, del 3

August

Like før eg skulle reise tilbake til Bergen gjekk mamma og eg ein tur på fjellet. Sognefjorden var fin som alltid:

Tilbake i Bergen misunte eg alle dei nye studentane fadderveka deira. Sjølv deltok eg berre på laurdagen, på Kjemisk fagutvalg sin rebusløp-stand. Der vert ein utsett for slikt:

Meir om det her.

Så byrja semesteret for fullt.

Store delar av hausten

…gjekk vekk i statistikk og matematikk.

Men det vart tid til litt posering på bilpanser også. Eigaren av bilen var på same fest som oss, og såg sjølvsagt heile seansen.

I oktober hadde eg det litt for kjekt på cocktailparty, og endte opp med å miste mobilen min (for godt) i ein busk. Første og forhåpentlegvis siste gong den forsvinn – det vart både dyrt og stressande. Korleis klarte folk seg i gamle dagar utan mobiltelefon?

November

I november nytta vi den rolege perioden før eksamenslesinga til å reise på hyttetur til Ustaoset. Der var det kaldt, og vi vart særs takksame for peisen.

Tittel: «Ut på tur!» eller eventuelt «Då snø framleis var koseleg og ikkje hatobjekt nr to etter Bergenssmogen.»

Uansett. Sidan vi var byjenter på tur måtte det litt bymat til:

Sushi! Og om du syns det var ille: eg drassa faktisk med meg Siri sin riskokar opp til hytta.

Helga etter hadde vi Thanksgiving hjå meg. Eg var på jobb heile dagen og kom heim til ferdig middag. Digg.

Resten av november forsvann i eksamenslesing. Vår kjære lesesal Skuret (som vi har eit litt for sterkt eigeforhold til) vart invadert av idiotiske førstisar som ikkje har kjennskap til lesesalsregel nr 1: ikkje prat høgt. Og nr 2: ikkje smell med døra. Og nr 3: ikkje stå og hold døra til lesesalen open medan du pratar i telefonen. It just goes on and on. Dei var på lesesalen i dag òg, og innestemme er framleis eit ukjend fenomen.

Desember

Den store omvendtdagen! Vi hadde prata om den kjempelenge, og fann ut at vi like gjerne kunne ha den i eksamenstida. Poenget med dagen er å gå i noko ein aldri ville gått med til vanleg. Slik såg eg ut:

Og slik såg Siri og Anna ut.

På morgonen den dagen skreiv eg på Facebook at eg var blitt omvendt. Pappa trudde eg var blitt religiøs.

To eksamenar seinare var det heim att til Høyanger, jul og snø.

Der vart det koseleg feiring med foreldre, syster, onkel, tante og syskjenborn. På julafta hadde eg photoshoot med Kjersti (syster, altså).

Etter julafta gjekk det slag i slag med koselege samankomstar. Første juledag:

Andre juledag:

Tredje juledag i Naustdal, der Kristine serverte kjempegod laks og vi spelte mange, mange rundar Amerikaner:

Jordbærkveld hjå Monika:

Dei fine pulsvantane eg har på meg var julegåve frå mor til Monika, Greta. Ho er dødsflink til å strikke, og eg anbefalar å sjekke ut bloggen hennar (ho tar imot bestillingar!).

Til slutt, nyttårsfest heime hjå oss, med quiz, dansing og bål:

2009 var eit fantastisk år. Eg kryssar fingrane for at 2010 blir like bra.

Advertisements

2 tankar på “2009 – ei fotooppsummering, del 3

  1. Hei. Så koselig at du likte pulsvantane så godt. takk for reklamen. Får sjå om det hjelper. du skriv flott og levende som vanlig. savner å høre meir om din kjære, men det er ikkje sikkert du vil det.
    Ha ei fin helg. klem

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s