2009 – ei fotooppsummering, del 2

Mai:

Eg kunne jo ikkje gå glipp av 1. mai-feiringa i Høyanger! Det var salutt, tog og talar, og eg måtte som vanleg lure på kvifor ikkje alle stadar har ei slik feiring.

Tidleg i månaden hadde vi vår siste dag på laboratoriet. Eg tok med kamera for å dokumentere, og presenterar herved den raude labfrakken:

Vi laga fluoriserande substansar. Etterpå var det labfest, der den eine vitenskapsassistenten fekk stormapplaus i det ho kom inn døra. Dagen derpå hadde eg nesten eit nervøst samanbrott på KJEM212-førelesning, då eg satt heilt framme og følte alle såg på meg.

Så vart det tid for den store nasjonaldagen, med obligatorisk feiring dagen før. Alexander Rybak vann Grand Prix, noko eg og Anna tykte var best observert gjennom vinglas:

Ute på byen sang alle «Fairytale», og vi endte på mystisk vis opp på Silver. Deretter gjekk turen til nachspiel, og så nach-nachspiel hjå Ina. Følgjande bilete er tatt klokka fem om morgonen, ser vi ikkje uforskamma freshe ut?

Rett etter dette vart Anna propell, og Ina og eg lo i to timar i strekk. Artig for oss, ikkje fullt så artig for han som låg og sov i rommet ved sida av.

Etter kvart vart det tid for 17. mai-frukost, og deretter var det ut og sjå på toget.

Anna er ikkje sur, berre trøytt. Og Siri er ikkje sint demonstrant, berre veldig glad i 17. mai.

Eg såg på toget til eg ikkje klarte å halde meg vaken lengre, og gjekk så heim for å sove. På kvelden vart det festelegheitar att; eg berre elskar dette biletet:

(Ja, det skal stå 2009.) Like etter dette tok festen av, fordi alle var overtrøytte og hadde drukke sjampanje. Det var 90-tallsmusikk over heile linja, og vill dansing på golvet. Då vi gjekk inn til byen gaula vi «Fairytale» av full hals, noko som (dessverre?) er dokumentert på film.

Resten av mai gjekk i eksamenslesing, ispedd litt grilling i parken og mange rundar «Boms, President».

Juni

Vi hadde vår siste eksamen den 11, og med unntak av ein liten eksamensfest bestod dagane mine av nedvask av leilegheita. Spesielt bursdagen min den 13. var artig; då låg eg på magen på badegolvet og skrubba flisene under vasken. Snille Anna kom og hjalp til, og det vart tid til litt bursdagssjampanje og ein tur ut på kvelden. Vi endte opp på Pacific, det mest harry utestedet i Bergen (ja, eg har vore på Sjøboden). Eg trur det er materiale nok til ei heil masteroppgåve i sosialantropologi på den plassen.

Dagen etter reiste eg og mamma på ferie til England, nærare bestemt Cornwall. Der var det meget fint:

Det som var spesielt kjekt var at det ikkje var nokon andre turistar der, berre ferierande engelskmenn. Høgdepunktet på turen var då vi besøkte The Eden Project, ein gigantisk hage med to store drivhus («biomes»), ein for regnskogplantar (det var regnskogstemperaturar der òg, puh!), og ein for middelhavsplantar.

Inne i regnskogsbiomen såg det slik ut:

The Eden Project fokuserar veldig på naturvern, og ein av dei meir fascinerande attraksjonane var The WEEE Man:

WEEE står for «Waste Electrical and Electronic Equipment». Om du ser nære på biletet kan du sjå at statuen er bygd opp av øydelagt elektronisk utstyr, som vaskemaskiner og støvsugarar.

The Eden Project var ein utruleg fin stad, og eg anbefalar alle å besøke den, om dei er i området. Det same gjeld eigentleg heile Cornwall. Eg tykkjer det er synd at vi ikkje hadde meir tid der, då ville eg definitivt ha prøvd å surfe, og reist på besøk til Tintagel (kong Arthurs fødestad).

Juli:

Bloggen flytta hit til wordpress, og vi fekk besøk av gjess:

Den grå er no slakta, fordi han var gut og dei ikkje kunne ha to gassar. Eg tykkjer det er litt trist, men slik er no verda.

Eg jobba heile juli, men hadde fri i helgene og brukte desse til å farte rundt. I midten av månaden var eg i Fredrikstad, på besøk til Anna og Siri.

Medan eg var der fekk eg oppleve noko så eksotisk som harrytur til Sverige, og Systembolaget på ein laurdag i fellesferien.

25-26 juli var eg på Malakoff Rockefestival, der eg forelska meg i Katzenjammer. Veka etter reiste vi ein gjeng på hyttetur, der vi grilla og koste oss. Dei modigaste bada i Sognefjorden:

fortsettelse følgjer

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s