29.12.09

Dagen i dag byrja med lang og koseleg familiefrukost, den siste på ei stund der alle fire var samla. Systera mi reiste nemleg tilbake til Oslo i kveld. Familiefrukostane våre er opphavet til mykje av mi verdskunnskap, då pappa kan litt om alt, og er veldig glad i å dele sin viten. Noko eg har arva, og som sikkert kan vere både irriterande og nyttig.

Vêret i dag har vore nydeleg, sjølv om sola så vidt hadde kjempa seg over fjellsidene, før ho gjekk ned att på andre sida. Dessutan har vi masse, masse snø; for å få tatt dette biletet måtte eg vasse i kvitt opp til hofta. Greit, det var så mykje fordi all snøen som fall for ei veke sida hadde blåst dit, men vi har faktisk fått ca ein halv meter til dei to siste dagane. Eg kan ikkje hugse sist det snødde så mykje.

I kveld har eg vore på «Jordbærkveld» hjå venninna mi Monika. «Jordbær» er då kodenamn for heimelaga Strawberry Daiquiri, og som ein allereie kan sjå på biletet blei dei meget gode. Jordbærkveld har etter kvart blitt ein juletradisjon for oss, og det er alltid like koseleg. Masse latter, gullkorn og YouTube-sjåing. I kveld spelte vi også kortspelet «Once Upon A Time», som eg trur er det mest kreative spelet eg har vore ute for. I det skal du ved hjelp av stikkord dikte opp eit eventyr. Stikkorda er i form av kort, og det er om å gjere å bruke opp alle korta. Nokre gongar må du også byggje på andre sine historier, fordi du har «avbrutt» dei eller fordi den som sit ved sida av deg har sagt pass.

Eg er ikkje så stor fan av improvisasjon, men å spontandikte eventyr var veldig artig. Det var kjekt å ikkje måtte stresse med at alt skulle vere så samanhengande og logisk heile tida. Ei av forteljingane mine gjekk som følgjer:

Det var ein gong ei vakker prinsesse som hadde ein ring ho var veldig glad i. Denne ringen forsvann plutseleg ein dag, men ei natt ho sov drøymde ho om ein ulv som kunne snakke. Han sa at ringen var stelt, men at den var gøymd under ein busk i skogen. Dagen etter skulle ho ut og finne den, men då ho kom til busken var ringen forsvunne like mystisk som den hadde dukka opp.

Stikkorda eg fekk er i feit skrift. Det siste var avslutningskortet mitt, som sa korleis eventyret skulle ende.

Eg må skaffe meg dette spelet. Ikkje minst fordi det er av få spel eg faktisk har gjort det bra i frå første stund. Og med bra, så meinar eg: eg slo dei andre ned i støvlane. Haha!

Advertisements

2 tankar på “29.12.09

  1. Både eg og T ser frem til desse treffaderes på jordbærfesten i vår heim. Det er så kjekt at vi får vere med og føle oss litt unge vi og.
    Neste gang må dere ordne det slik at ingen skal på jobb eller reise dagen etter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s