2009 – ei fotooppsummering, del 1

Alle andre gjer det jo?

Januar:

Eg fekk meg speilreflekskamera, og fann fort ut at det var gøy å leike med lys.

Sidan eg skulle ta eit laboratoriefag det semesteret, bestemte eg meg for å endeleg realisere draumen om å farge labfrakken min raud. Det endte slik:

Vaskemaskina streika då eg skulle farge den. Farginga hadde ingenting med saken å gjere, men husverten vart forbanna. Det var berre den første av mange ubehagelege opplevingar vi hadde med han den våren. Andre farging av frakken vart ein suksess.

Januar var månaden eg så smått byrja å bli kjend med dei jentene eg heng mest med i Bergen no, ein herleg gjeng kjemikarar, molekylærbiologar og nanoteknologar. 2009 har vore eit supert år, og eg har mykje desse jentene å takke for det.

(Eg skal la vere å poste bilete frå min første fest med dei, då det var ein nittitalsfest og dei sannsynlegvis kjem til å drepe meg om eg legg ut noko derfrå.)

Februar:

Eg byrja å blogge, og fann ut at det var mykje lettare, og ikkje minst artigare, å gjere på norsk. På blogg.no klarte eg faktisk å poste nesten kvar dag, noko eg ikkje akkurat har gjort her… Eg har ikkje så veldig trua på nyttårsforsett, men eg har eitt, og det er å blogge meir i tjueti.

(Heilt urelatert, men: kvifor i alle dagar er vi pålagt å sei totusenogti, og ikkje tjueti? Det er jo mykje enklare!)

I februar byrja vi for alvor med KJEM212, eit fag som eg både elska og hata då, men som no står som mitt absolutte favorittfag. Lærerikt, men samtidig vanskeleg. Eg har aldri jobba så mykje med eit fag, og er veldig stolt over at eg klarte å få A i det.

Vi byrja òg med laboratoriefaget KJEM122 i februar. Dette er det beste labfaget eg har hatt, mykje takka vere flinke vitenskapsassistentar og ei fantastisk labgruppe.

I februar hadde eg ein lang photoshoot på Realfagsbygget, som eg hadde store planar om å blogge. Det skjedde aldri, men eg kan i alle fall dele eit bilete av Mat-Nat-tagging:

Eg berre elskar at nokon tykte dette var så fint at dei tok fram sprittusjen for å kommentere det.

Og, ja, eg hadde eit liv utanom universitetet. Det involverte blant anna dette:

«Illustrert Vitenskap»-spelet!

Mars:

Mjøllnir (den festorienterte delen av geologisk fagutval) arrangerte vinterball:


Dei søte jentene på biletet i midten er Karina og Siri. Vaskebjørnen på siste biletet er meg (om nokon skulle lure). På vinterballet forspiste eg meg på lasagne og blei så sliten av all maten at eg datt heilt i hop. Men det var gøy så lenge det varte!

Veka etter var eg heime i pappa sin 60-årsdag, og nytta anledninga til å ta bilete ute:

Mars var månaden då konflikten med husverten kulminerte i at han trua med å kaste oss ut. Etter eit av dei mest ubehagelege møta i mitt liv kom vi fram til at vi skulle få bu i leiligheita fram til sommaren. Eg er veldig glad eg slepp å ha noko meir med den mannen å gjere.

I slutten av månaden var det 50-talsfest i regi av Biologisk fagutval. Vi dansa, høyrte på kjekk musikk, og såg på alle dei fine kostymene. Eg hadde ikkje gjort meg så veldig flid, og gjekk i noko eg eigentleg kunne gått med til vanleg:

Dei skoa er vonde.

April

Rett før påskeferien var eg ute med to venninner. Ei av dei hadde med polaroidkamera, til vår store underholdning:

Så drog eg heim på påskeferie til i ei bygd som fekk ein hard start på 2009. Stemninga var mildt sagt dyster.

I ferien gjekk eg mykje tur, og tok ein del bilete. Som dette, av systera mi Kjersti:

Tilbake i Bergen vart det raskt russetid for 90-modellane. Kjemisk fagutval feira dette ved å arrangere russefest.

Vi har ikkje arrangert fest sidan. Litt fordi nokon sparka hol i ei glassrute på Realfagsbygget, men mest fordi nokre komplette idiotar helte øl ned i ein innleveringsboks, der det låg fleire journalar. Eg blir framleis sint når eg tenkjer på det.

fortsettelse følgjer

Advertisements

3 tankar på “2009 – ei fotooppsummering, del 1

  1. Got Nyttår Mari.
    Eg skal kome med ein innrømmelse først. Eg skjønte ikkje at det var du som hadde kommentert på meg. Såg ikkje så mye på det. Men nå har eg kosa meg med eit par av innlegga dine.
    du skriv veldig bra og for meg som har dysleksi, liker eg at du har mane avsnitt og ikkje så lange linjer.
    Lettere å lese for emg da.
    Eg har ikkje visst at du har hatt blogg, nå kjem eg til å følge flittig med.
    God tur til Bergen att og god tur til varmen. Ta med deg litt varme tilbake til oss da.
    Klem

  2. kjekke oppsummeringar! og ja, kva er greia med totusenogti?? me har jo sagt nitten- heile hundreåret, og det er jo berre fordi tjuenullnull til tjuenullni vert litt krøkkete at me ikkje har sagt det. tjueti til tjuenittini fungerer heilt greitt! her skuffar sylfesten maks altså.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s