Fotokonkurranse!

Eg kom over ein koseleg fotokonkurranse i dag, hjå Martine. Den har tema desember, og prisen er eit close-up filter frå tvspelsweb.se. Mitt bidrag er dette:

Tatt på julafta. Trykk på biletet for større versjon.

Kanskje ikkje så koseleg bilete, men skumring og bare tre er like mykje desember som jul og snø, tykkjer no eg. Bygda i bakgrunnen er heimbygda mi, Høyanger. Ein kan også skimte Høyangerfjorden der.

Nokre andre som ser på «Drømmekysten» på NRK no? Eg tykkjer alltid det er interessant å sjå Noreg gjennom andre sine auge. Og så er det jo alltids fint å høyre på den skotske dialekta til programledaren. Til våren skal to venninner av meg på utveksling til Glasgow, og vi skal sannsynlegvis reise og besøke dei. Då har eg sagt dei berre kan plassere meg på ein kafé, la meg høyre på folk prate heile dagen, og eg vil vere den lukkelegaste personen i verda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s