Julafta, og ei personleg oppsummering

Eg skriv dette med lyden av pappa som les «Bygda som gløymde at det var jul» i bakgrunnen. Ingen kan lese Alf Prøysen som pappa, han er nemleg oppvaksen midt i Prøysenland.

Så, eg flytta bloggen med store planar om å skrive lange, gjennomtenkte innlegg om alt eg bryr meg om. Problemet er at alt eg bryr meg om, og som gjer seg som bloggmateriale, havna litt i bakgrunnen dette (noko stressande) semesteret. Dessutan har eg vanskar for å omstille hjernen til ord og setningar på kvelden, når eg heile dagen har fylt den med tal og formlar.

MEN: no er semesteret over. Eg har hatt ein kjemieksamen som eg fekk A på, ein matteeksamen eg ikkje har fått vite resultatet på, men som eg trur gjekk ganske så bra, og ein statistikkeksamen som eg er noko usikker på. Tid vil vise korleis den gjekk. Og så har eg hatt mange koselege stunder som ikkje har vore fagrelatert, med vener og kjærast.

No tenkte eg gje ordet til ein «Internet meme», som dei kallar det på engelsk, tatt frå Livejournal. Sånn i tilfelle denne bloggen har nokon lesarar igjen (som eg ikkje kjenner i det verkelege liv), og dei lesarane skulle vore interesserte i kva som skjer i dette verkelege livet mitt.

Du veit når folk på bloggane sine plutseleg skriv noko som får deg til å tenke, «Kva? Sidan når jobba dei der? Og var saman med han?» Og så lurar du på korleis du har gått glipp av så viktig informasjon, men er for flau til å be om ei oppklaring. Det skjer jo alle innimellom.

Kopier emna under, slett mine svar og putt inn dine eigne, og post det på din blogg! Ver snill og utbroder på det som skulle trenge utbrodering. Ja og nei er skjeldan forklarande nok.

1. fornamn
Mari, angiveleg vald då pappa såg meg for fyrste gong og utbrøyt: «Det der er en Mari!» (eg må alltid sitere pappa på bokmål). Namn som startar på Ma- og Mar- er veldig vanleg i min familie, så eg kan jo hevde å vere oppkalla etter ein heil bråte med folk. Om nokon lurar så er ikkje etternamnet mitt Datura. Det har eg tatt frå ein Tori Amos-song, då mitt faktiske etternamn er langt og todelt og ikkje heilt gjer seg som bloggtittel. Interessant fakta: eg har pappa sitt etternamn som mellomnamn, fordi mamma sitt er stadsnamnet til plassen eg vaks opp på, og ho tykte det var viktig å bevare det. Min indre feminist tykkjer også det er ei fin reversering av standard namnerekkjefølgje.

2. alder
22. Eller nærare bestemt 22,5, eller halvvegs til 45, eller berre GAMMAL. Tru meg, ingenting har fått meg til å kjenne meg så gammal som 90-modellinvasjonen av Universitetet i haust. Eg kan vidare leggje til at årets førstisar manglar normal folkeskikk og ikkje klarar å halde kjeft verken på lesesal eller på forelesning.

Hei der, eg er ikkje berre gammal, men også gretten. Og no har eg lyst på kamferdrops.

3. heimstad
Oppvaksen i Høyanger i Sogn, men budde tre år på Sandane, der eg gjekk på vidaregåande. Danselinja. Ja, eg veit, spranget derfrå til bachelor i kjemi er ganske stort. Alle kommenterar på det. For min del medførte det berre eit «friår» som privatistelev i matte. Det året inneheldt også eit noko mislukka halvår på folkehøgskule (ja, eg slutta), min inspirasjon til å fortelje alle som er ferdig med vidaregåande at dei ikkje må tru på all «beste året i ditt liv!»-propagandaen. Folkehøgskule passar ikkje for alle.

No bur eg i Bergen, saman med kjærasten min, og trives stort. Å kome heim til foreldra mine til jul er alltid koseleg, men eg saknar butikkar med lange opningstider, take-away, og den gode, friske lufta på Danmarksplass. Eller, vent litt…

4. yrke
Fulltidsstudent, som om eit halvt år har fullført ein bachelor i kjemi ved UiB. Som nemnd gjekk eg Musikk, Dans og Drama på vidaregåande, og trudde eigentleg alltid at eg kom til å ta utdanning innanfor språk eller samfunnsvitenskap. Naturfagen på vidaregåande snudde heilt om på det, og vekka opp att barndomsinteressa mi for korleis alle ting fungerar. No kan eg ikkje hjelpe for å lure på kvifor ikkje alle studerar realfag. Det er jo så fascinerande.

Sjølv når ein må lesse på med mattefag i graden, for å få eit godt grunnlag til ein mogleg master i Molekylær modellering. Ja, det er sannsynlegvis det eg skal byrje på til hausten. I korte trekk omhandlar det å modellere molekyl på datamaskina, for å få ei aning om korleis dei fungerar i det verkelege liv. Det er ein av dei tyngste kjemimasterane når det kjem til matematikk og fysikk (kvantemekanikk er obligatorisk…), men eg tykkjer også den høyrast mest spanande ut. Dessutan er veiledarane der nokre av dei flinkaste professorane på MatNat. Ein av dei, Knut Børve, vann førelesarprisen i år.

5. partnar
Kjærasten, som eg har vore saman med i over to år, og som ikkje er så stor fan av blogging.

6. born?
Ikkje heilt sikker på dette feltet. Altså, om eg vil ha dei. Ungar er jo kjempesøte, men det er nok folk i verda, og tanken på graviditet og alt som høyrer med er ganske skummel. Om eg skal ha born ein gong, heller eg eigentleg mest mot å adoptere.

7. brødre/søsken
Ei søster, som er ganske fantastisk. Ho går på Westerdals i Oslo, på skrivelinja, og eg trur ho kjem til å bli ein stor forfattar ein gong. Ho har knallraudt hår (naturleg, kvifor fekk ikkje eg dei genene?), er fargerik på alle dei bra måtane, og ein real kunstnarsjel. Vi er veldig forskjellige, men også ganske like.

8. kjæledyr
Ingen i Bergen, men heime hjå foreldra mine bur verdas søtaste Border Collie, Jeppe, som på tross av å vere over ti år framleis har kvalpesjela intakt; og katten Lestat som, som kattar flest, trur han eig verda. Om du er overtruisk ville nok du ikkje likt om han spankulerte over vegen, Lestat er nemleg ein kolsvart heksekatt.

9. lag ei liste over dei 3-5 viktigaste tinga som skjer i livet ditt akkurat no

  • juleferie heime, nærare bestemt JULAFTA, saman med forelde, søster, onkel, tante og syskjenborn. Yngste av sistnemnde er ti år, og gler seg sånn til i kveld at ho allereie har tatt på seg finkjolen
  • gler meg til 2. januar, då reisar eg nemleg til Syden med gode venninner
  • SLAPPAR AV! Derfor har denne lista berre tre punkt, fordi det skjer veldig lite og det er BRA.

10. foreldre
Er gode, snille, støttande, og ein smule gale. Som foreldre flest. Pappa er lærar, studerte ni år ved UiB i si tid, er filolog på sin hals og veldig flink til høgtlesing av Alf Prøysen. Mamma er sjukepleiar, sikkert ein av dei flinkaste i fylket på demens, og var hippie ein gong i tida.

THE END. Så no veit de alt de treng å vite. Er berre å kopiere meme’en om de vil.

Og, ja, GOD JUL!

Advertisements

2 tankar på “Julafta, og ei personleg oppsummering

  1. Hei!

    Jeg er en journalistikkstudent, som kunne tenke meg å intervjue deg ang. et interessant innlegg som du har skrevet. Jeg finner ikke kontaktinformasjonen din noe sted, og kunne godt tenke meg å sende deg en mail med spørsmålene 🙂

    Takk på forhånd!

    stella.vaage@gmail.com

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s