Host-hark STAT-MAT

Så. Eg er forkjøla, halvparten av alle andre eg kjenner er forkjøla, og eg trur det store håpet i gjengen er at sjukdommen er av typen svin. Kanskje vi har blitt smitta av ein mild versjon? Etter å ha gått rundt i svime sidan onsdag, og prøvd å få gjort alt eg skulle i statistikk og matte med ein hjerne som går på på halvt batteri, er eg ikkje særleg positiv til tanken på å ligge pal med influensa om ein månad. Det kjipaste med å gå på universitetet er at ein ikkje kan sjukmelde seg. Blir ein sjuk, går ein glipp av undervisning og lesetid som det er veldig vanskeleg å ta igjen. Med mindre foreleser òg blir sjuk, og det er jo ikkje er så veldig sannsynleg.

Usj. Ordet «sannsynleg» gir med hovudverk. Kominasjonen STAT110 og MAT111 er grusom, og eg er er så sjukt imponert over alle dei som tar sistnemnde fag første semesteret på MatNat. Det er så vanskeleg og tidkrevande at det må vere tungt, sjølv kombinert med Ex.Phil.

Uansett. Eg trur poenget med dette innlegget skulle vere at eg er nedsnødd i arbeid og virus, og derfor blir det lite blogging framover.

Advertisements

Ein tanke på “Host-hark STAT-MAT

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s