Skulestart, stress og nostalgia

Då har eg offisielt flytta tilbake til Bergen for semesteret, og i dag var eg på informasjonsforelesning i MAT111. Dette er eigentleg eit introduksjonfag (MatNat sin versjon av ExFac), men sidan eg tok det enklare MAT101 for to år sidan, og skal ta ein master som krev meir matematikk enn som så, skal eg ta det i haust. Auditorium 1 (MatNats største) var stappfullt, og med unntak av nokre bekjente frå Nanoteknologi, «støttekontakten» min Siri (som var med for moro skyld) og eg, var det berre førsteårsstudentar der. Forelesningsinnhaldet var deretter, med mykje fokus på kor mange timar ein skulle jobbe i veka, og kor viktig det var å forberede seg, å gjere oppgåver, å gå på seminar, å lese sjølv og for all del ikkje stresse!

Eg blei stressa av forelesninga, eg. Sjølv om eg veit at eg fint klarar å kome meg igjennom eit semester utan å vere på skulen åtte timar kvar dag, så er det eit eller anna som skjer når eg blir fortalt at det ikkje er mogleg. Det er ein slags absurd pliktoppfyllingsrefleks, trur eg. Og sidan eg, som nemnd, veit at eg ikkje klarar å sitte på skulen så lenge, blir eg overbevist om at eg aldri i verda kjem til å komme meg igjennom pensum. Dette har skjedd nesten kvart semester, og eg veit det kjem til å gå over. Heldigvis.

Men eg lurar likevel på kva slags masochistisk hjørne eg var i då eg valgte å ta Grunnkurs i både Matematikk og Statistikk i haust. Takk og pris for Overflate- og Kolloidkjemi, så eg har noko å sjå fram til (og nei, eg er ikkje ironisk).

Det var uansett koseleg å sjå alle dei spente førsteårsstudentane. Eg blir utruleg lett nostalgisk, og byrja å mimre tilbake til då eg var ny, og alt det kjekke som skjedde i fadderveka. Eg kan ikkje tru det faktisk er to år sidan! Og, for å sitere Siri: eg kan ikkje tru mesteparten av årets førstisar ikkje har opplevd åttitalet!

Advertisements

3 tankar på “Skulestart, stress og nostalgia

  1. ..og sjølv om dei ikkje har opplevd åttitalet, SKAL dei ha 80talsfest i faddringa!

    eg forstår godt at du gler deg til «Overflate- og Kolloidkjemi». nerding er kjekt! eg skal òg ned på 100-nivå i år. infomøte i nordisk årsstudium i ettermiddag – og eg har allereie lese pensum ein månad, fordi det er så mykje skjønnlitteratur. (og dette er fyrste gongen EG har uroa meg over at eg kanskje ikkje kjem igjennom lista. eg likar ikkje å lesa skjønnlitteratur for fort) flaks at eg truleg har lært alt i grammatikkfaget på tysk tidlegare 🙂

  2. Spennende da! 🙂 Jeg skal være fadder i år, og det gleder jeg masse til 🙂 Jeg har opplevd 80 tallet- men kan ikke akkurat skryte av 2 år 😉 Hehe..

  3. sv: lady gaga sa, etter å ha blitt spurt om ho er feminist, «i’m not a feminist! i love men! i embrace the american male culture of beer and bars and big cars» eller noko sånt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s