Sommargjestar

Venninna mi Katrine og sambuaren Tage bur til vanleg i ei lita bygd lengre inn i fjorden, der moglegheitane for dyrehald er gode. No er dei begge på ferie i Høyanger, der moglegheitane ikkje er fullt så gode. Derfor har vi sagt ja til å låne ut gardstunet vårt til fem stk gjess, og no tenkte eg introdusere dei.

Gassen

Gassen. Han er leiaren i flokken og aggressiv mot alt og alle. Han er også ganske stor og det må som regel ei rake eller to til for å halde han på trygg avstand. Gassen likar ikkje raker. Han er veldig overbeskyttande ovanfor Smågakkane, og har tidlegare stukke av med brillene til ei stakkars dame. Flygestatus: vingeklipt, etter fleire turar over gjerdet.

Gåsa

Gåsa. Dama til Gassen og mor til Lille-Storegakken. Ho og sonen mobbar Smågakkane hyppig, med mindre Gassen er til stades. Gåsa har ein beauty-spot på hovudet som gjer ho lite dugandes som utstillingsmateriale. Flygestatus: vingeklipt av  underteikna og Katrine.

Store-Lillegakken

Lille-Storegakken, previously known as Lillegakken. Ein kjekkas som snart skal på utstilling. Einaste born av Gåsa og Gassen. Flygestatus: har fått behalde vingeprakten, av utstillingshensyn.

Smågakkane

Smågakkane. Dette erteriset går under felles namn, då dei aldri er å sjå frå kvarandre. Den eine er ei veke eldre enn den andre. Dei blir mobba av Gåsa og Lille-Storegakken, men beskytta av Gassen, og er framleis så små at dei kvitrar i staden for å gakke. Eldstemann er moglegvis i stemmeskiftet, og dei har begge vokst ein del sidan eg tok biletet. Flygestatus: framleis for små til å få det til.

Bra sommargjestar, eller kva? Dei er iallfall ei kjelde til evig underhaldning (for ikkje å snakke om lyd), og eg likar ikkje heilt tanken på at ein av dei kanskje havnar på matbordet vårt om ei stund.

Advertisements

5 tankar på “Sommargjestar

  1. Ida:
    Vingeklypping på gjess er like vondt som å klyppe håret til eit menneske. Det fungerar slik at ein klypp dei ytste flygevingene til gåsa, og dermed hindrar ho i å flyge. Effektivt.

    Mari:
    Store-Lillegakken? Han heiter då Lille-Storegakken 😉 Koslig innlegg om dyra forresten 🙂

  2. Åh, så søte, jeg dør litt. De to erterisa var jo helt nydelige, og stakkars dem som blir hakka på. Og jeg heller skjønner ikke «vengeklipt». Bymennesker vet du. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s