Om prinsesser og tilbakeslag

Marie Simonsen hadde ein veldig bra kronikk på baksida av Dagbladet i går. Den dreide seg om det ekstreme prinsessefokuset blant småjenter i dag. Ho spør seg om det ikkje er Disney sin feil, og trekk fram at selskapet frå hausten av skal starte ein eigen kanal for gutar. Fokuset der skal vere prestasjonar, og korleis gutane skal oppnå sine draumar. Spørsmålet mitt blir då, drøymer ikkje jenter? Og om andre ting enn å finne sin kvite riddar og leve livet i rosa tyll?

At alt er Disney sin feil tvilar eg likevel på. Det var flust med prinsessefilmar også då eg var liten, men det stoppa ikkje meg frå å klatre i tre. Foreldra mine kledde stort sett meg og søstra mi opp i nøytrale fargar, og favoritt-TV-programmet vårt var «MC-musene fra Mars». Dette er litt over ti år sidan.

Så kva er årsaken til tilbakeslaget? Kvifor er i dag barneklebutikkane delt opp i ein rosa-og-glitter-del, og ein blå-brun-khaki-del? Min teori er at det ligg i den alt for utbredte tanken: likestillingsarbeidet i Noreg er ferdig. Forestillinga om at menn og kvinner no har same rettigheitar, moglegheitar, og blir behandla heilt likt. Då blir det plutseleg ikkje så farleg å kle opp jenta som prinsesse, gje ho berre Barbiedukker å leike med, og sette ho til å sjå Disney Prinsesser.

Mange småjenter står gjerne på krava sjølv: dei skal ha rosa kle og rosa leiker, enda foreldra prøvar å gje dei meir variasjon. Det eg lurar på er om dette ekstreme prinsessefokuset kjem før eller etter jenta har byrja i barnehage og møtt jamnaldrande. Og så kan ein spør seg kor sensitive småborn er til signala frå samfunnet, som framleis seier at jenter er omsorgsfulle, gutar ambisiøse.

«Jenter fødes ikke som prinsesser, de blir det,» seier Marie Simonsen i kronikken sin. Det er eit utsagn eg er einig i. I ganske mange år har eg hatt ei total sperre mot å kjøpe rosa kle, fordi det for meg er mykje meir enn ein farge. Rosa symboliserar holdningar, interesser og tankemønster eg ikkje identifiserar meg med. Eg håpar verkeleg eg slepp å kle opp dottera mi, om eg får ei, i berre den fargen.

Advertisements

3 tankar på “Om prinsesser og tilbakeslag

  1. Du er så dyp, Mauri. 😀

    Visste du forresten at rosa fra gammelt av er en maskulin farge? For 100 år siden ble det ansett for å være den ultimate guttefargen (siden det var en lys utgave av rød, som var «mannefargen»). Etter 2. verdenskrig overtok jentene denne fargen, som et tegn på likestilling, og det har vært slik siden. 🙂

  2. Jeg leste denne artikkelen, men det er jo en liten stund siden, så jeg husker ikke alt for godt. Mye debatt om fargen rosa for tiden, både i medier og blogger. Jeg lurer på når det ble sånn som det er nå. Da jeg var liten var det jo ikke sånn (etter hva jeg kan huske, men det kan selvfølgelig hende var fordi jeg gikk på Steinerskolen og pga. mamma og pappa «Uff, rosa»).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s