Malakoff 09!

I helga gjekk turen til Nordfjordeid sin eigen rockefestival, Malakoff. Inntrykket eg sit igjen med er litt delt, då først og fremst grunna campingen (men det skal eg kome tilbake til).

Konsertmessig var det ei fantastisk oppleving. Katzenjammer er mine nye store heltar, og det beste livebandet eg nokon gong har sett. Kaizers Orchestra var sjølvsagt kjempebra, og det var kjekt å omsider sjå ein heil konsert med dei (vi kom ein time for seint til konserten på Arenum i fjor). Høgdepunktet for meg var då dei mot slutten spelte «170», ein av mine yndlingssongar. Eg kan også nemne at eg har utruleg lyst på ei oljetønne å delje laus på. Det er sikkert ein super måte å få ut aggresjon.

Eit band eg hadde gleda meg veldig til å sjå var Pony The Pirate. Dei har ein sound veldig likt Arcade Fire, og eg tykkjer singelen deira «Psychopedia» er genial. Dei innfridde til forventingane, og gav meg ikkje akkurat mindre grunn til å samanlikne dei med favorittbandet mitt. Spesielt mora det meg at bandmedlem Erik Nerheim ikkje berre liknar på Arcade Fire sin Richard Reed Parry – han har også same galne veremåte på scena.

Så konsertane var bra, og konsertområdet var også veldig godt organisert. Det som trakk ned festivalen for meg var campingen. No byrjar eg kanskje å bli litt gammal og gretten, men eg tykte heile greia var veldig rotete. Dei måtte utvide teltområdet fem gongar, fordi dei hadde feilrekna kor mange som kom til å dukke opp. Dei hadde også feilrekna katastrofalt når det kom til dei sanitære forholda. Fire toalett er alt for lite på så mange folk. Det var meir enn ein gong eg stod over tjue minutt i dokø. Båsane gjekk også tomme for vatn nesten med ein gong, så eg prisa meg lykkeleg over at mamma hadde prakka på meg Antibac-serviettar.

Legg til at halve campingen bestod av fjortisar som hylte og skreik heile natta, stakk av med kjærasten min sin sko og heiv mat på nokre vennar av meg sitt telt – og du får ein lite nøgd Mari. Og det er synd, for eg skulle gjerne gitt festivalen ein solid femmar. Den får heller ein 4+.

Advertisements

5 tankar på “Malakoff 09!

  1. Eg er tydelegvis òg blitt for gammal. Eg var til tider så sjokkert at eg nesten byrja å måpe. Dessutan; å møte dei som eg hugsar som sju år gamle utanfor campingvogna klokka tolv på sundagsmorgonen, der dei enno ikkje hadde slutta å drikke…galskap.

  2. Det er så teit at enkelte mennesker skal kunne klare å ødlegge for andre. Det er akkurat som folk legger fra seg hjernen hjemme. Ikke lurt. 😛 Hehe..

  3. kan vere enig der, sjølv om eg ikkje sov på campen, men grunnen til at dei ikkje hadde rekna med så mange folk, var kanskje fordi det var rundt 300-400 på campen i fjor, medan det i år var oppe i omtrendt 3000 vil eg tru. Ikkje rart dei feilrekna det 🙂 men sjølve festivalen var super, jobba sjølv som fotograf og det var fantastisk

  4. @Linda: Ja, eg fekk vite det etter eg hadde skrive innlegget. Er ikkje rart nei, men dei burde kanskje tenkt på at Kaizers og Turboneger trekker sjukt med folk.

    Enig i at festivalen var super! Har dei bra lineup til neste år kjem eg nok til å reise (men bur kanskje på hotell). 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s