Mari – turistguiden!

Venninna mi Linda flytta til glamorøse Los Angeles då vi var femten, men ho kjem (heldigvis) tilbake til Noreg på ferie nesten kvart år. 2009 er ikkje noko unntak. Nytt av året er at ho har med seg ei amerikansk venninne, Julie. Laurdag landa dei i Bergen, og tidleg dagen etter møtte eg dei på Fisketorget for ein slags «gå rundt og sjå på ting»-runde i sentrum.

Standard Bergen-frå-Fløyen-bilete

Turen gjekk sjølvsagt først opp med Fløybanen, for tagning av oversiktsbilete og liknande. Vel oppe kom Julie med den fantastiske observasjonen at «Bergen is very green; and blue. Like Earth!» Ganske artig, og til hennar forsvar ikkje sagt i fullt alvor. På Fløyen kunne vi òg sjå nærare på alle dei rare souvenirane turistar kjøpar, og i den forbindelse kom vi til å lure på kor i alle dagar dei lagar dei fæle trollfigurane. Nokon som veit?

Nede igjen byrja den delen av turen som etter kvart blei kalla «the Mari-tour», fordi eg ville vise dei Universitetet, og då først og fremst mitt kjære MatNat. Der satt det sjølvsagt ein narkoman og satte skudd. Hurra!

Eg kan òg føye til at heller ikkje amerikanarar er særleg imponert over Realfagsbygget sin arkitektur. Merkeleg.

Runden endte med ei kort vandring i Skostredet, så langs Bryggen ut til Bergenshus Festning, og til slutt eit raskt måltid på kinesisk restaurant før Linda og Julie måtte haste avgarde for å rekke flyet austover.

Alt i alt var iallfall eg einig i at det var ein fin tur. Koseleg å sjå igjen Linda, og artig å prate engelsk. Eg tok utruleg fort etter den hyppige bruken av «like» – og fann ut at det er eit veldig nyttig ord for folk som ikkje har hatt engelsk på fleire år, og derfor ikkje har ordforrådet liggande framme. Det er moglegvis irriterande om brukt for mykje, men eg tykkjer ordet er hakket betre enn «ehhh».

Bergen er for øvrig ein rar by om sommaren. Studentane manglar, og stemninga er liksom (like!) annleis. Eg gler meg utruleg til semesteret byrjar igjen.

Advertisements

Ein tanke på “Mari – turistguiden!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s