The sound is not asleep

For to år sidan var eg på Roskildefestivalen (det var ein våt opplevelse, men det er ei anna historie), og var så gira over at Muse og The Killers skulle spele at eg ikkje hadde tenkt på å sjekke ut nokre av dei andre banda på førehand. Derfor var det eigentleg tilfeldig at vi på torsdagen tok turen innom Arena Scene. Bandet som spelte der hadde berre nokre få songar igjen på programmet. Det hadde også veldig mange medlem (og like mange instrument), ein fantastisk vokalist, og eg var frelst etter to songar. Den siste dei spelte var «Intervention»:

The Arcade Fire sin «Neon Bible» var den første CDen eg kjøpte då eg kom heim frå festivalen, og dei er framleis eit av mine yndlingsband. Favorittsongen min er denne:

Av videoane skjønar dere kanskje kor lett det er å bli fan av dei, så utrulege som dei er live. Eg blir heilt fascinert. Det har tatt ganske lang tid å skrive dette innlegget, for eg endte opp med å sjå alle dei andre liveversjonane òg, ikkje berre dei eg skulle poste. Eg anbefalar å sjå desse: 1, 2, 3, så kan dere forelske dere i fantastiske Regine i den raude kjolen.

Advertisements

Ein tanke på “The sound is not asleep

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s