Kjære svømmetrenar/mor

Når Katrine og eg er i svømmehallen er det for å svømme, slappe av, og kose oss. Vi er ikkje der for å høyre deg skjelle ut dei hardttrenande ungane dine. Du har gjerne eit ønske om at ungane skal bli svømmeess og få medaljar, men det bryr eg meg ikkje om – kommentarane dine var forferdelege å høyre på og gjorde meg i veldig dårleg humør.

Eksempel på kva dama klarte å vrenge ut av seg: «Dette er trening, skjerp dere!» (til ungar eg ikkje har sett stå i ro, og dei har vore der samtidig som oss to gongar), «Viss du ikkje klarar å svømme fortare krål enn han svømmar bein, er det ikkje noko vits for oss å vere her,» (til jenta, som svømmar ti tusen gongar fortare enn meg – og ho er max elleve år), og toppen på kransekaka, då jenta sa ho var svolten: «Det skulle du tenkt på før vi kom hit.»

Det er mogleg ikkje alt dette verkar så gale, men det pågjekk heile tida vi svømte i bana ved sida av (omtrent ein halv time), og eg høyrte aldri dama komme med noko positivt. Om håpet hennar var å motivere ungane, slo det grundig feil. Dei gjorde kanskje det dei skulle, men på andletsuttrykka å dømme var dei meir lei seg enn engasjert.

No høyres det kanskje ut som om eg stod og glodde på dei og lytta med øyra på stilk, men faktum er at det var lett å få med seg kva dama gjorde og sa. Ho brydde seg ikkje om å senke stemma. Ein av tiradane hennar kom medan vi hadde pause, og vi følte oss til slutt så beklemt at vi måtte byrje å svømme igjen.

Vi skal dit igjen i morgon, og er dei der då òg er eg litt frista til å sei noko. Det er sikkert ikkje min plass, men eg har så utruleg vondt av dei ungane. Dama treng eit kurs i pedagogikk, og det no.

Eg har forresten presentert bloggen min på Bloggurat.

Advertisements

Ein tanke på “Kjære svømmetrenar/mor

  1. Off, jeg får helt vondt i meg! At det går an! Kursing i ped på hun, ja. Og om man burde si noe, eller ikke, er alltid vanskelig. Men så ille som dette høres ut, så grenser det jo til verbal mishandling, og det skal man jo ikke bare stå på sidelinja og se på. Ungene kan jo få traumer av mindre.
    Håper at hun kanskje innser at dette er for drøyt selv, men sjansene for det er jo minimale. :/

    Takk for gode ord! Ja, 20 plasser på nesten 200 søkere er litt for søkt, men dessverre er det sånn. :/ Hodeskallene er så søøøøøte, ja. Gavepapir fra Panduro Hobby, hihi. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s