Buying in bulk

Den norske fascinasjonen for store mengder for ein rimeleg penge kjem klart til syne med ein gong ein kryssar riksgrensa. Eg var på harryhandling i Sverige for første gong i fjor, og for andre gong denne helga. Laurdagens tur var til gjengjeld mitt første møte med Systembolaget. Det var sommer, fellesferie…og ti meters kø framfor inngongen. Eg trur det berre var ein viss vestlending som tykte det var spanande. Det stod jo vassekte austlandsharryar framfor oss! Samanlikna med det var ikkje sjølve Systembolaget så innmari interessant, men eg fekk no kjøpt noko billig, svensk cider som kom godt med seinare på kvelden.

Min eigen fascinasjon for store kvanta kom først i Nordby, då vi var på Maxi Mat (tankane mine gjekk omtrent slik: «OMG, kyllingfilet! OMG brus! OMG BACON!») og deretter Gottebiten,  som er ca verdas største godteributikk.

Eg gjekk derifrå med 2 kg smågodt.

Eg veit seriøst ikkje kva som skjedde. Mogleg eg kan erklære meg sinnsjuk i gjerningsaugeblikket.

Eller kanskje eg har meir til felles med austlandsharryar enn eg vil innrømme.

Advertisements

Ein tanke på “Buying in bulk

  1. haha, jeg kjenner meg godt igjen i beskrivelsene dine! 🙂 man blir liksom litt fanget i øyeblikket. særlig nå som man er student og handler inn egen mat!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s