Frøken kløne

Ofte går ting noko fort i svingane for meg – spesielt på jobb, då eg er litt for opptatt av å vere flink og effektiv og ein god arbeidar til å sjå meg for. Dette førar gjerne til eit blåmerke i ny og ne, då eg finn ut at eg skal kutte svingen men gløymer at det faktisk står eit bord der. Det eg klarte i dag tok likevel kaka.

På sommerjobben min på sentralkjøkkenet har vi nokre høge vogner som vi kokar mat i. Desse har skinner som vi skal plassere rister på, og alle desse skinnene har bøygde metalltuppar som stikk ut. Ei slik vogn stod rett bak meg då kollegaen min spurte om eg kunne hente ein sleikepott for ho. Det kunne eg sjølvsagt gjere, flink og effektiv som eg er.

Eg snudde meg, tok eit skritt og BAM! Der kolliderte eg med ein av metalltuppane. Eg såg nesten stjerner, men meir av sjokk enn smerte. Litt forvirra gjekk eg for å hente sleikepotten, og då eg kom tilbake stod kollegaen min med store auge og lurte på om det gjekk bra.

au

Det gjorde jo forsåvidt det. Men i morgon reiser eg på besøk til studievenninner i Fredrikstad, med søkk i panna.

Advertisements

2 tankar på “Frøken kløne

  1. aj aj… men matvogner er jo djevelens verk. særleg dei som ein skal frakta mat frå kjøken til andre avdelingar (har fått brynt meg på nokre slike då eg arbeidde på sjukehus). dei styrer sjølv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s