Det var ein roleg tredje juledag. Systera mi, kjærasten min og eg var i stua. Alle ein smule trøytte, alle småfyllasjuke.
I stua var det også eit juletre.
Systera mi snakka med ei felles venninne av oss på telefonen. Eg lurar veldig på korleis samtalen høyrdes ut frå hennes side, for det som skjedde var at vi i sidesynet plutseleg såg noko stort, grønt og glitrande bevege seg i høgare og høgare hastigheit.

Ja. Juletrefoten bestemte seg brått for å ta kvelden. Kjærasten og eg måtte storme til for å redde foreldra mine sin nye TV.
Juletreet fekk kvilepause på golvet i nokre timar, før pappa kom heim og ordna opp. No står det oppreist igjen, men pynten treng moglegvis eit lite kosmetisk inngrep.




hehe. sånne katastrofer er ment å hende inneimellom
men det gikk nå ganske bra likevel da:)
Haha, ganske komisk må jeg si
Sånn kan det gå når man har et nedhøgd tre inne i STUA!!! haha