Gah. OK. Kanskje eg klarar å halde det viss eg skriv det her:
Eg lovar herved å kome meg på skulen seinast klokka ti i morgon!
Og eg lovar å ikkje erstatte lunsj med Helnøtt-sjokolade.
Døgnmønsteret mitt, og til dels etevanane mine, vert heilt skrudd i eksamenstida. I dag sov eg til ti på tolv, med det resultatet at eg ikkje kom heim frå lesesalen før no nettopp. Ikkje at det har vore ein spesielt effektiv dag.
I morgon er der ei veke til eksamen i Molekylmodellering. Kanskje på tide å få opp stressnivået litt.
I mellomtida tenkte eg vise bilete av min andre heim for tida. Lesesalplassen:

Ikkje spesielt ryddig, men det gir eit korrekt bilete på korleis det ser ut der akkurat no. Procrastination Machine* til høgre.

Eit assortert utval kjemi-, fysikk- og mattebøker. Bokstøtta er eit molekylbyggesett. I hylla over kan du sjå diverse naudsynte ting, pluss eit cycloheksan-molekyl og ei kakeform forma som ein hest.

Bilete av vener og familie, så eg har noko kjekt å sjå på når eg treng ein lesepause. Innerst til høgre er eit periodisk system (ingen kjemilesesalplass utan!) og dikta eg fekk frå Anna i vår.
Det er herleg å ha ein eigen lesesalplass. Eg må berre bli flinkare til å bruke den på føremiddagen.
* “To procrastinate” er eit genialt engelsk verb for det å utsetje ting, gjerne totalt utan grunn. Eit fenomen hyppig observert i eksamenstida.




Synes lesesalplassen din var skikkelig koselig med alle de bildene!
skulle jeg hatt en så skulle den også sett sånn ut
God jul Mari
masse god jul til deg. håper du får alt du ønsker deg og bittelitt til
SV: Jeg er litt enig med deg der, Mari
men begge deler er veldig godt <3
God jul til deg <3