Puh, gårsdagen var rimeleg hektisk! Opp klokka sju for å ta Bybanen til eksamenslokalet klokka åtte. Der måtte vi stå ute og vente i kulda ei stund, før det var inn og programmere for hand i nokre timar. Eg trur eksamenen gjekk bra; det er iallfall herleg å vere ferdig med den. Eg skal aldri meir programmere for hand!
Frå eksamenen var det heim i hui og hast, før eg måtte skynde meg inn til Realfagsbygget. I går var det nemleg julebord på Kjemisk institutt. Nytt av året var at masterstudentane var invitert, og Siri og eg var blitt spurt om vi ville vere med i arrangementskomitéen. Eg er glad eg sa ja, for det var veldig kjekt å vere med og ordne til.

Ferdigpynta rom 3069. På motsatt vegg heng eit digert periodisk system, som jo er tilnærma naudsynt når ein samlar så mange kjemikarar.
Siri og eg var ansvarlege for servering av velkomstdrink til 60 gjestar.

Eg kom fort over min nervøsitet for å opne champagneflasker.

Sjølve julebordet har eg ikkje særleg mange bilete frå, men eg tok dette for å illustrere rundkolben sine mange bruksområde. Denne vasen høyrer eigentleg heime på eit laboratorie.
Maten var fantastisk (pinnekjøt OG koldtbord; eg er mett enno), selskapet likeså, men den noko hektiske dagen slo meg i svime i titida. Etter det var eg neppe til særleg underhaldning for nokon, eg heldt på å sovne ved bordet. Men det var koseleg uansett!




koselig med julebord ja!
jeg har hørt noe rykter om at disse julebordene på matnat ofte ender med mye rart, hehe… øl oppi innleverings-postkasser og stinkbomber… ;P
Hehe, ja, men det er som regel dei studentarrangerte juleborda som tar veldig av. Dette her gjekk ryddig for seg.
Øl oppi innleveringskassen, ja… Det er grunnen til at Kjemisk fagutvalg ikkje får ha fest på instituttet lenger. Folk har òg gått berserk med brannslukningsapparat og knust dører.