Sofsen og Ida har begge skrive gode innlegg om Ungdom mot retusjert reklame, eg anbefalar å lese det dei har skrive.
Eg har tidlegare skrive om reklame, og det forferdelege venleikspresset det er med på å skape. Argumentet for retusjering er at det selger, fordi “alle” ynskjer å sjå ut som modellane på bileta. Problemet er at jaget etter å bli vakrare, tynnare, perfekt er ei ferd utan mål. Ein kan ikkje sjå ut som på reklamen, for det er ingen som ser slik ut! Ingen kjendisar, ingen modellar, ingen toppbloggarar.
Konsekvensane av det stadig aukande utsjånadspresset er grusomme. 50 000 norske kvinner har ei form for eteforstyrring. Eteforstyrringar har den høgste dødsraten av alle psykiske sjukdommar. I Noreg har halvparten av alle femtenåringar forsøkt å slanke seg, og ein tredjedel av alle trettenåringar ønskar å gå ned i vekt.
Det er ikkje tvil om at fedme kan vere helseskadeleg, men det er få norske tenåringar som faktisk har eit helsemessig behov for å gå ned i vekt. Det er andre grunnar som ligg bak.
Eg trur ikkje det å merke retusjert reklame vil fjerne alt venleikspresset. Det vil derimot gjere det mogleg for lettpåverkelege gutar og jenter (meg sjølv inkludert) å tenke “dette er ikkje oppnåeleg, dette er det ikkje noko vits å strebe etter” når vi ser reklamen. Berre det å gjere folk bevisst på at dei ser eit glorifisert bilete av verda vil ha mykje å sei. Men ein god del av reklamen si påverknadskraft er ubevisst, så det beste ville vere å fjerne retusjering heilt. Vi hadde då reklame før Photoshop sitt inntog?
Einig? Gå inn på aktivisme.no, les og lær meir. Bli aktivist om du vil det, og meld deg gjerne inn i Facebookgruppa.
Sofsen oppfordrar til å legge ut eit uretusjert bilete av seg sjølv, så her er mitt. Med brillemerker og det heile:

Kjelder: aktivisme.no og DMH





Wow, øynene dine! Nydelige!! Det ene ser turkis ut, det andre gyldent grønt. Herlig! Takk for link
Aw, takk!
Trur det har litt med lyset å gjere, for dei har ikkje normalt ulik farge.
Awesomeness! Og damn woman, å retusjere det trynet hadde vært en skam mot naturen!
awesome!!!!! JA, dette er bra saker!