Det Jean Kilbourne seier i denne videoen er noko alle burde høyre, og høyre om att. For i motsetning til påverknad frå reklame, som vi får dag ut og dag inn, er det sjeldan nokon påpeikar kor skrudd synet på venleik faktisk er i den vestlege verda.
Du skal vere tynn: maks storleik 36 og helst mykje mindre. Du skal ha lytefri hud. Vakkert hår. Perfekt smil. Du skal vere høg, og helst lys i huda (kor mange mørke supermodellar fins det, samanlikna med kvite? Kor mange asiatiske?). Lista berre held fram og held fram. Det er omtrent ingen som klarar å leve opp til alle krava. Dei få som gjer det har enten vunne i lotto genetisk sett, eller så har dei ein livsstil som vil føre til kollaps før eller seinare.
Eg veit ikkje med dere, men eg må jobbe aktivt med tankane mine heile tida for å ikkje bli sugd inn i dette venleiksbiletet. Nokre gongar klarar eg det, men innimellom mislukkast eg også. Størrelse 38 er for stort. Tannregulering hjalp lite mot det faktum at eg visar like mykje tannkjøt som tenner når eg smilar. Spesielt dette siste er ein tanke eg har alt for ofte, og som eg verkeleg skulle ønske eg kunne slutte med.
For hadde ikkje verda blitt ein kjedeleg stad, om alle såg perfekte ut? Kvifor skal synet på kva som er vakkert vere så snevert?
Ein vert litt lei av å aldri kjenne seg god nok.




SV: Avatar har jeg faktisk ikke sett enda, men Titanic i 3D er et MUST
Ikkesant… Kjempesynd at det skal være så press! Du har vel kanskje sett bildene av madonna som nå nylig har kommet ut?
[...] har tidlegare skrive om reklame, og det forferdelege venleikspresset det er med på å skape. Argumentet for [...]