Eg byrjar seriøst å lure på om det er noko i vegen med hjernen min. Eventuelt om eg vart utsatt for litt for mykje røntgenstråling i Lund.
I dag var Den Store Gjere-Fornuftige-Ting Dagen. Eg betalte husleige, internett og forsikring; og sidan eg var på MAX-lab i forrige veke, var det på tide å sende reiserekning. Eg skulle “go to the motherf*cking POST-OFFICE like an ADULT” – for å nesten-sitere Allie, min favorittbloggar i heile verda.
Visste dere at posten på Coop Extra Danmarksplass ikkje sel vanlege konvoluttar? Dei har berre SmartPost, som fungerar dårleg når ein skal sende noko til Sverige. Jaja, tenkte eg, eg får berre handle først, og kjøpe konvoluttar på butikken.
Butikken var tom for store konvoluttar. Men storhandling var ein del av den fornuftige planen, så då gjorde eg det først. Det var ikkje så innmari lurt, for det førte til at alt som no vert beskrive vart gjort med to store (Coop Extra-størrelse), tunge bæreposar i nevane:
Eg gjekk tilbake til posten, og spurte pent om dei ikkje hadde vanlege konvoluttar. Den hjelpsomme jenta bak skranken sa nei, dessverre, men du kan sjekke på Europris.
Så eg gjekk ned på Europris. Der fann eg konvoluttar, men ikkje før eg hadde leita gjennom mesteparten av butikken. Eg kan informere om at Europris har ganske mykje rart.
Nøgd gjekk eg opp att på Coop Extra, fekk låne penn av den hjelpsomme jenta, og sette i gong med å skrive adresser på konvoluttane. Som den kontrollfriken eg er, fann eg ut at eg kanskje burde dobbeltsjekke at alt som stod på reiserekninga var riktig.
Det var det sjølvsagt ikkje.

Mari Datura, inventor of the time machine.
Småstressa og lei fann eg ut at eg berre skulle krysse ut det som var feil, og skrive inn riktig dato for hand.
Det klarte eg heller ikkje. Desperat jogga eg (med bæreposar) inn på butikken for å kjøpe korrekturlakk. Då eg kom ut att var det sjølvsagt kjempekø på posten, og plassen der eg hadde stått og skrive var tatt over av ein barnefamilie som bevegde seg i sneglefart.
Så eg forsøkte å rette feilen i ei butikkasse som ikkje var i bruk. To sekund seinare var den i bruk, og eg måtte redde papira mine frå å bli påkjørt av mjølk og agurk. Cirka då var eg på nippet til å byrje å grine i frustrasjon.
Cirka på same tidspunkt trur eg den hjelpsomme jenta på posten byrja å lure på kva i alle dagar som feila meg.
Eg endte opp med å gå bort på tippebordet og skrive der, og med all hjernefailen friskt i minne dobbelt-, trippelt- og kvadruppelsjekka eg at alt stod riktig både på reiserekninga som skulle til Lund, og kopien som skulle til Uppsala.
Og så fekk eg sendt dei. Heldigvis.
På veg heim ringte sambuaren min meg for å spørje kvar i all verda eg var blitt av. Han var redd det hadde skjedd meg noko.
Han ler framleis.